Artikkelstart
Persisk er eit språk som tilhøyrer den iranske greina av dei indoeuropeiske språka. Persisk er førstespråket til om lag 22 millionar menneske, eller nærmare ein tredel av innbyggjarane i Iran. I tillegg kjem 2 millionar som er spreidde over store delar av verda. Persisk er nasjonalspråk og offisielt språk i Iran.
Faktaboks
- Også kjent som
-
persisk dari, pârsi, arabisk farsi
- Uttale
- pˈersisk
- Språkkoder
- pes (PES)
- ISO-639:3
- pes
Persisk har status som klassisk kulturspråk i Sentral- og Sør-Asia og dessutan Tyrkia og speler omtrent same rolle som kjelde til kultur- og framandord for språka i dette området som latin for språka i Vesten.
Endonymet for språket er farsi ﻓﺎﺭﺳﻰ 'persisk. Landet heiter ﺍﻳﺮﺍﻥ Iran eller Jomhuri-ye eslami-ye Iran Den islamske republikken Iran. Irani اﻳﺮﺍﻧﻰ tyder 'iranar', og ﺗﻬﺮﺍﻥ Tehran 'Teheran' er hovudstaden.
Vi nyttar ordet persisk om dei nypersiske variantane i Iran, i motsetnad til dari i Afghanistan og tadsjikisk i Tadsjikistan.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.