Faktaboks

Også kjend som
tibetansk Bod kinesisk Xizang
Uttale
tibˈet
Tibet (kart)

Delar av Tibets grense mot India og Pakistan er omstridd. På kartutsnittet er delen trekt med stipla linje.

Av /Store norske leksikon ※.
Tibet (plasseringskart)

Plasseringa av Tibet markert med oransje farge.

Av /Store norske leksikon ※.
Flagg
Tibets flagg er offisielt det kinesiske flagget, men Tibet har òg eit eige flagg (biletet). Kinesiske myndigheiter ser på flagget som eit teikn på separatisme og er av den grunn ikkje lovleg å bruke i Kina (inkludert Tibet). Flagget blir imidlertid brukt av den tibetanske administrasjonen i India.
Flagg
Av .

Tibet er sidan 1965 ein autonom region i Kina. Tibet grensar til den autonome regionen Xinjiang i nord, til India i vest og sør, til Nepal og Bhutan i sør, til Myanmar i søraust og til dei kinesiske provinsane Yunnan og Sichuan i aust og Qinghai i nordaust. Tibet har eit areal på 1 228 400 kvadratkilometer og har om lag 3 650 000 innbyggjarar (2020). Regionhovudstaden er Lhasa.

Tibet er også namnet på eit vidare geografisk område på 2 108 700 kvadratkilometer med rundt elleve millionar innbyggjarar som viser til det tibetanske folkets tradisjonelle heimland. I tillegg til den autonome regionen Tibet inngår det meste av Qinghai, delar av Gansu, den vestlege halvdelen av Sichuan og det nordvestlege Yunnan i det historiske Tibet. Det gamle Tibet var inndelt i fleire provinsar eller landskap: Ü-Tsang som omfattar dei sentrale elvedalane og er der det politiske senteret i Tibet alltid har lege, Ngari lengst i vest, Kham, som i dag i hovudsak omfattar den austlegaste delen av den autonome regionen Tibet og den vestlege halvdelen av Sichuan, og til sist Amdo, som i hovudsak ligg i det som i dag er Qinghai.

Natur

Tibet
Tibetanske platå, Himalaya.
Av .
Lisens: CC BY 3.0

Den autonome regionen Tibet omfattar hovuddelen av det tibetanske platået (Qinghai-Tibet-platået). Regionen har ei gjennomsnittleg høgd på over 4000 meter over havet (moh.), og blir ofte kalla for «verda sitt tak».

Topografi

Lhasa
Barkhor-plassen i hovudstaden Lhasa. Foto frå 2019.
Av .

Topografisk kan området delast i fire delar: det nordtibetanske platået, eit elvedal-landskap i Sør-Tibet, Himalaya og Hengduanfjella.

Det nordtibetanske platået (også kalla Qiangtang eller Changtang) omfattar to tredelar av det totale arealet og har høgder på rundt 5000 moh. Platået er eit tilnærma folketomt og relativt flatt høglandsområde utan elvesystem. Tidlegare var området havbotn som no er heva opp. Området er i dag dekt av eit stort tal innsjøar, og mange av desse er saltsjøar.

Kunlunfjella strekkjer seg frå fjellplatået Pamir i vest og spring nordaustover langs grensa mellom Tibet og Xinjiang, der dei skil det nordtibetanske platået frå Tarimbekkenet. Fjellkjeda har mange snødekte toppar på over 6000 moh. og ei rekkje isbrear.

Gangdisi-fjellkjeda (Gangdisi Shan), med høgder på over 6000 moh., og den vestlege seksjonen av Nyainqêntanglha-fjella (eller Nyenchen Tanglha) skil det nordtibetanske platået frå elvedal-landskapet i Sør-Tibet.

Elvedal-landskapet er eit breitt dal-landskap som for det meste ligg lågare enn 4000 moh., med Yarlung Tsangpo-dalen som hovuddal. Det strekkjer seg hovudsakleg vest–aust, og her føregår det meste av Tibets politiske, kulturelle og økonomiske aktivitet. Den største av elveslettene omfattar hovudstaden Lhasa. Yarlung-elva (Yarlung Tsangpo) har utspringet sitt frå isbrear langs midtre delar av Himalayas nordskråning, og elva renn 1940 kilometer austover i Tibet før ho vender sørover inn i India og Bangladesh, der ho heiter Brahmaputra. Også elvene Ganges, Indus og Sutlej har utspring i det vestlege Tibet.

Elvedalane blir avgrensa i sør av Himalaya, som er ei relativt ung fjellkjedefalding med komplisert struktur, og som strekkjer seg 2400 kilometer frå vest til aust i mellom 200 og 350 kilometers breidde langs Tibets sørgrense. Gjennomsnittshøgda i Himalaya er over 6100 moh., og fjellkjeda har ti toppar på over 8000 moh. Blant dei er den høgaste toppen i verda, Qomolangma (Mount Everest, 8849 moh.), på grensa mot Nepal.

Hengduan-fjella i aust omfattar ein serie av parallelle, djupe elvedalar og bratte fjellkjeder som først spring vest–aust og deretter nord–sør inn i naboprovinsane Sichuan og Yunnan. Høgdeforskjellane mellom fjelltoppane og elvedalane når her opp mot 2500 meter. I nord finst det snødekte toppar og isbrear. Fjellskråningane var tidlegare dekte av tett skog som no er delvis nedhogd. Dalbotnane her er blant dei rikaste jordbruksområda i Tibet. Blant elvene som renn her, er Nu-elva (kinesisk Nu Jiang, tibetansk Gyelmo Ngulchu), som seinare renn inn i Myanmar, der ho heiter Thanlwin. Andre elver er Lancang (tibetansk Dachu), som renn inn i Søraust-Asia, der ho heiter Mekong, og Yangzi-elva (Chang Jiang), som i Tibet blir kalla Jinsha-elva (kinesisk Jinsha Jiang, tibetansk Drichu).

Klima

Tibet blir gjerne kalla «snølandet», men klimaet i Tibet er gjennomgåande tørt. Temperaturane avheng sterkt av høgda over havet. I perioden mai–september kjem fuktig pålandsvind (monsun) inn gjennom passa i det lågareliggjande Aust-Tibet, som får rikeleg med sommarregn. Nedbøren minkar mot vest og er særleg liten i regnskuggen av Himalaya i sørvest. Øvre Indusdal har berre 100–200 millimeter årsnedbør. Lhasa (3650 moh.) har middelverdiar på −2 °C i januar, 5 °C i juli og 445 millimeter nedbør.

Planteliv

Plantelivet i vest og nord er tundraliknande, kalde ørkenar eller stepper med mose, lav eller nakent berg. Mot aust og sør blir plantedekket rikare, og dei austlege dalane er skogkledde.

Dyreliv

I skogområda i aust finst det stumpnaseape, asiagullkatt, gaupe, kragebjørn, villsvin, goral, takin og moskushjort. Tiger, leopard og snøleopard er sjeldne. På høgslettene og i fjelltraktene lever pipeharar, murmeldyr, revar, ulv, steppekatt, tibetantilope, blåsau, argalisau, jak og kiang (villesel). Omkring 275 fugleartar er observerte. Av karakteristiske artar og familiar kan ein nemne gribbar, tibethøne, ornat- og rubinfasan, steppehøns, lerker og fjellsporvar.

Befolkning

Tibetanarar
Tibetanske barn i tradisjonelle klede.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0
Tenzin Gyatso i 2006

Tenzin Gyatso, den 14. Dalai Lama, er Tibets åndelege leiar. Han har levd i eksil i India sidan 1959. Han har vore engasjert i arbeid for fred og fekk Nobels fredspris i 1989.

Tenzin Gyatso i 2006
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Tibets tradisjonelle befolkning, tibetanarane, utgjer eit homogent folk både kulturelt, religiøst og språkleg. Frå 1949 har det likevel skjedd ei styrt kinesisk innflytting til området. Innflyttinga har særleg auka sidan 1992, noko som har forsterka spenninga mellom den tradisjonelle tibetanske befolkninga og kinesarane. Det finst ingen sikre tal på kor mange han-kinesarar som i dag bur i Tibet. Det tibetanske folket i Kina tel offisielt sju millionar (2016), og om lag halvparten av dei bur i Tibet.

Den største delen av busetjinga finst i elvedalane i sør og aust – høgsletta og høgfjellsområda er nesten aude. Det finst restar etter eit tradisjonelt kastesystem basert på religiøs og yrkesmessig tilknyting.

Den autonome regionen Tibet inkluderer også dei nasjonale minoritetane monpa-folket (eller menba-folket) og lhoba-folket, som begge lever i søraust langs grensa mot den indiske delstaten Arunachal Pradesh.

Språk

Tibetansk skrift

Tibetansk skrift har opphav i eit gammalt indisk alfabet. Øvst: trykkskrift. Nedst: handskrift.

Tibetansk skrift
Av /Store norske leksikon.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Tibetansk er det vestlegaste av dei tibeto-burmanske språka. I forskjellige dialektar som til dels er innbyrdes uforståelege, blir det snakka tibetansk av alle tibetanarar i det «etniske» Tibet, som også omfattar eit indisk område i vest (Ladakh) og aust (distriktet rundt Tawang i Arunachal Pradesh), område i Nepal (Dolpo, Mustang, sherpa-folket), Sikkim, Bhutan (der ein eigen dialekt, dzongkha, er offisielt språk) og eit mindre område i det nordlege Myanmar. Vidare blir ein tibetansk dialekt, balti, brukt i distriktet Baltistan i det nordlege Pakistan. Lhasa-dialekten blir nytta som riksspråk i store område. I det «politiske» Tibet (sidan 1951 innlemma i Folkerepublikken Kina) har kinesisk sidan 1960 i stor utstrekning vore nytta innan administrasjon og undervisning.

Tibetansk blir skrive med eit indisk alfabet som blei teke i bruk i Tibet på 600-talet evt. Dette alfabetet består av 30 konsonantar og 5 vokalar. Skriftforma til orda blei fastlagd på 800-talet og har ikkje blitt endra sidan. Uttalen har derimot forandra seg, særleg i Lhasa-dialekta.

Religion

Dei fleste tibetanarar er buddhistar. Buddhismen kom til Tibet frå India rundt år 700. Mahayana-buddhismen blei snart dominerande, og i løpet av 1000-tallet blei buddhismen einerådande i Tibet.

Buddhismen slik han blir praktisert i Tibet har visse særtrekk – mellom anna klostervesenet si store utbreiing og betydning, den tantriske tradisjonen, og rolla til dei reinkarnerte, åndelege leiarane, lamaane. Sjølve det tibetanske landskapet blir òg betrakta som heilagt, og det er fullt av av andar, demonar og andre spirituelle vesen.

Av dei mange åndelege vesena som finnest i det tibetanske landskapet, er nokre vennlegsinna, men mange av dei er kravstore, lett irritable eller til og med ondsinna. Andane kan haldast i sjakk med ritual og mantra, eller ved at ein sett opp religiøse bygg – til dømes stupaar, i Tibet kalla chörten, som ein finn på mange heilage stader i Tibet, inkludert i ubefolka område.

Klostervesenet

Det er mange tempel og kloster i Tibet, og det heilagaste av desse – det nær 1300 år gamle Jokhang-tempelet i sentrum av Lhasa – er av mange sett på som Tibet sitt åndelege hjarte.

Klostervesenet dominerte det tibetanske samfunnet før den kinesiske overtakinga av Tibet på 1950-talet. Det var vanleg at familiar sende minst éin son i kloster; i tillegg var nokre kvinner nonner.

Det finst lite historiske data både om kor mange munkar og nonner som til ei kvar tid hadde tilhald i dei mange klostera i Tibet, og om folketalet i regionen generelt. Nokre estimat indikerer at det kan ha vore vanleg at 10–20 prosent av tibetanske menn og kanskje kring 5 prosent av kvinnene var i kloster før 1950, men det var store geografiske skilje. Ved dei store læresentera i Lhasa og Shigatse var det flest menn, og dit kom òg tilreisande munkar frå andre regionar av Tibet så vel som frå Mongolia, medan i avsidesliggjande strøk kunne det vere fleire nonner enn munkar.

Klostera var senter for kunnskap og utdanning, men dei var òg store landeigarar, arbeidsgjevarar og skatteinnkrevjarar.

Også i dag er klostera viktige institusjonar i det tibetanske samfunnet sjølv om mange av dei tradisjonelle rollene deira er avskaffa. Kinesiske styresmakter kontrollerer kor mange munkar og nonner klostera kan ha, og ifølgje styresmaktene var det i 2021 kring 46 000 munkar og nonner i Tibet, men talet er usikkert.

Pilegrimsreisa

Pilegrimsreisa er viktig for mange tibetanske buddhistar anten dei er lærde, munkar eller vanlege lekfolk. Dei tibetanske orda for pilegrimsreiser er nékor (gnas skor) or néjel (gnas mjal) som høvesvis tyder å gå rundt eller å møte ein heilag plass. Pilegrimsreisa kan gå til heilage fjell, sjøar, huler eller tempel som til dømes Jokhang. Pilegrimane går faste ruter og/eller medsols rundt den heilage staden, og nokre pilegrimar gjennomfører heile eller deler av reisa gjennom prostrasjonar – dei legg seg flatt ned med panna mot bakken med jamne mellomrom.

Religion i kvardagen

For mange i Tibet er religionen ein viktig og integrert del av kvardagen. I den tantriske tradisjonen er språklege fonem knytta til guddom og kosmos. Derfor vert kraftlada formlar, mantra, gjerne resiterte under ritualer og meditasjon.

I tibetanske byar og landsbyar går mange av innbyggjarane rituelle omvandringar rundt sitt lokale tempel morgon og/eller kveld. Dei går medsols og gjentek gjerne eit mantra, som Om manipadme hum, medan dei spinn bønehjula som heng langs ytterveggane av tibetanske tempel, også desse medsols. Med denne handlinga blir mantraa som er skrivne på bønehjula mangedobla og sende ut til fordel for alle levande vesen. Slike rituelle omvandringar blir kalla kora.

Mange stader i Tibet – på hustak, langs landevegar og på fjelltoppar – heng bøneflagg, og når vinden beveger desse, blir mantraa sende ut. Religiøse tibetanarar ber gjerne eit bønekjede, ein mala, som dei bruker til å telle mantra. Bønene kan vere ulike, men ein overordna tanke er at dei skal gagne alle levande og følande vesen.

Lamaane

Lamaane er sentrale i den tibetanske buddhismen. Dei er religiøse lærarar eller leiarar, og dei fleste er reinkarnerande munkar, såkalla tulku, sjølv om nokre lever som lekmenn og då kan tittelen gå i arv. Det finst tusenvis av lamaar, og den fremste blant dei har tittelen Dalai Lama. Dalai Lama var tradisjonelt både politisk og åndeleg leiar i Tibet, men den noverande Dalai Lama, den 14., overlét i 2011 si politiske rolle til ei valt tibetansk eksilregjering som i likskap med han sjølv har sete i Dharamsala i India.

Når ein lama døyr, drar ei leitegruppe ut for å finne reinkarnasjonen hans basert mellom anna på teikn frå den nyleg avdøde lamaen. Dette er ei kjelde til strid mellom den 14. Dalai Lama og Beijing. Dei fleste tibetanarar kjenner stor tillit og lojalitet til Dalai Lama. Det kinesiske kommunistpartiet godtek ikkje denne typen konkurranse, og det eksplisitt ateistiske partiet har derfor uttala at dei, og ikkje ei tibetansk leitegruppe, skal utpeike den neste dalai lama når den noverande på eit tidspunkt døyr. I 1995 overprøvde kommunistpartiet Dalai Lama si utpeiking av reinkarnasjonen av Panchen Lama.

Den 14. Dalai Lama er klar på at det kinesiske kommunistpartiet ikkje har ei rolle i å finne reinkarnasjonen hans når han døyr. Han har uttala at han kanskje vil bli gjenfødd i India i staden for i Tibet, eller at han kanskje vil kome tilbake i ei anna form enn menneske. Han har òg indikert at han kanskje ikkje vil bli gjenfødd i det heile, men at lina av dalai lamaar endar med han.

Politikk

Styreform

Den tibetanske autonome regionen vart oppretta i 1965. Kina sine autonome regionar er administrative einingar på same nivå som provinsar, men der den lokale folkegruppa – i dette høvet tibetanarane – skal ha større grad av sjølvstyre. I praksis er likevel sjølvstyret avgrensa. Tibetanarane er representerte i regionen sine styresmakter, og leiaren av den regionale regjeringa er alltid ein tibetanar. Som i Kina elles, er imidlertid styresmaktene på alle nivå i Tibet underlagde Det kinesiske kommunistpartiet si styring og arbeider under leiing av den lokale partisekretæren. Denne er alltid ein han-kinesar.

Menneskerettar

Medan mange tibetanarar meiner at heimlandet deira er okkupert av Kina, ser kinesiske styresmakter Tibet som ein integrert del av Kina. Mange i Tibet ser den kinesiske maktovertakinga i Tibet i 1951 som ein invasjon, medan Kina hevdar at dette var ei frigjering av tibetanarane som hadde vore helde som liveigne i det føydale systemet under lamaane sitt styre.

Kina framhevar at kinesiske investeringar etter 1951 har bygd vegar, anna infrastruktur, sjukehus og skular i eit område som var underutvikla før Kina si overtaking. Tibetanske menneskerettsaktivistar held på si side fram at desse moderniseringane har kome på bekostning av tibetanarane sine kulturelle, sivile og politiske rettar.

Mellom anna fryktar mange i Tibet at språket deira skal døy ut, ettersom kinesisk dominerer ein stadig større del av både undervisning og samfunnslivet elles. Også utøving av religionen, som er svært viktig for dei fleste tibetanarar, er nøye kontrollert av Kommunistpartiet. Ytringsfridomen er svært innskrenka, og kritikk av styresmaktene vert ikkje tolerert. Det er ikkje tillete å bruke det tibetanske flagget eller å henge opp bilete av Dalai Lama.

Næringsliv

Tibets økonomi har tradisjonelt hatt hovudvekt på jordbruk og fedrift, men har i seinare år blitt meir prega av kinesiske moderniseringar som kunstig vatning, vegbygging og lettindustri. Den tradisjonelle fedrifta blir delvis nomadisk driven. Nomadane held jak, sauer, geiter og hestar, og jaksmør er eit viktig meieriprodukt. Jordbruket er konsentrert til dei større dalane og lågareliggjande område i aust. Det blir dyrka bygg, soyabønner, kveite, hirse, grønsaker og frukt ved hjelp av kunstig vatning. Skogområda i søraust gir verdifullt tømmer, men avskoging har ført til store miljøøydeleggingar. Tibet har førekomstar av gull, mangan, jernmalm og krom. Tibet har eit stort vasskraftpotensial.

Industrien er lite utvikla, vesentleg tekstil- og næringsmiddelindustri. Elles er det noko produksjon av sement, lêrvarer, trevarer og dessutan tradisjonell handverksproduksjon. Det aller meste av industrien er konsentrert til Lhasa. Sidan 1990-åra har det gått føre seg ein betydeleg økonomisk vekst i dei største byane. Likevel er deltakarane i den nye økonomien hovudsakleg betre utdanna, mandarintalande han-kinesarar. Lokale tibetanarar har i hovudsak falle utanfor. Turismen er under utbygging. Særleg blir det satsa på å trekkje til seg kinesiske turistar.

Samferdsel

Transporten gjekk tidlegare føre seg med karavanar. Ein viktig tradisjonell handelsveg gjekk frå Bengal gjennom Sikkim til Lhasa. Etter den kinesiske innlemminga av Tibet i 1951 er det bygt fleire hovudvegsamband. Ei ny jernbanelinje frå Golmud i Qinghai til Lhasa blei fullført i 2006. Den einaste sivile lufthamna ligg ved Lhasa.

Kultur

Potala

Potala, Dalai Lama-ene sin residens inntil mars 1959, då den 14. Dalai Lama, Tenzin Gyatso, flykta til India som ein protest mot kinesisk undertrykking. Potala ligg på ei høgd ovanfor hovudstaden Lhasa.

Av /NTB Scanpix ※.
Buddhistisk munk
Buddhistisk munk i Tibet
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Litteratur

Litteraturen i Tibet består dels av omsetjingar av buddhistiske tekstar, hovudsakleg frå sanskrit, frå 600- til 1200-talet evt. I samband med dette skapte tibetanarane eit heilt nytt ordtilfang for å gi att buddhistiske uttrykk. Desse tekstane er samla i dei to store skriftsamlingane Kanjur og Tenjur, til saman meir enn 300 bind. Frå den eldste tida (600–800-talet) finst det annalar, krøniker og rituelle og mytologiske tekstar, til dels skrive på eit svært vanskeleg og arkaisk språk.

Frå 1000-talet byrja tibetanarane å skrive sin eigen buddhistiske litteratur på «klassisk» tibetansk: historiske, biografiske og liturgiske verk, kommentarar, meditasjonstekstar, dikt, avhandlingar innan logikk, grammatikk, filosofi og så vidare. Denne litteraturen, som har prega heile den tibetanske kulturen og er av stor betydning for studiet av buddhismen, har i løpet av hundreåra blitt så omfattande at han no utvilsamt utgjer ein av dei mest omfangsrike litteraturane i Asia. Blant dei verka som er best kjende i vest, er den såkalla «Dødeboka» (sjå bardo) og einebuaren Milarepas biografi og dikt. Eposet om heltekongen Gesar må òg nemnast.

Musikk

Musikklivet er sterkt prega av dei religiøse tradisjonane. Folkemusikken er variert, med eit stort repertoar songar og dansar i regionale og lokale former. Musikkspel som minner om kinesisk opera, bygde på eldgamle legender, historiske hendingar og klassiske songar, blir framførte i friluft av omreisande truppar. Liturgisk, resitativisk song i djupt toneleie blir dyrka ved klostera og akkompagnert av trommer, dril-bu (handbjølle), rol-mo (cymbalar) og dung (opptil 3–4 meter lange metalltrompetar). Religiøse framføringar av musikk og dans kan vare i fleire dagar, med store orkester og maskerte dansarar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg