Alfabet
Det norske ordet alfabet skrevet som på norsk med det latinske alfabetet, det greske alfabetet og det kyrilliske alfabetet.

Alfabet. Utviklingen av alfabetet fra det gammelfønikiske (et nordsemittisk alfabet) via det greske og det klassisk latinske alfabetet til det moderne latinske alfabetet (uten lokale tilføyelser som f.eks. æ, ø og å). Bokstaver som står på samme linje, er historisk beslektet. Både form og uttale har forandret seg gjennom tidene. I det greske og det latinske alfabetet er bare bokstaver med røtter i det nordsemittiske alfabetet tatt med. Bokstaver som er kommet til senere, er nevnt til slutt for hvert alfabet. De små bokstavene ble først utviklet i middelalderen, og er derfor ikke tatt med. Uttalen av bokstavene i det moderne latinske alfabetet varierer så sterkt fra språk til språk at den ikke er tatt med.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Alfabet er ei samling av symbol eller skriftteikn som i hovudsak gir att enkeltlydane (fonema) i eit språk. I dei fleste alfabet er teikna ordna i ei fast rekkjefølgje. Kvart teikn står typisk for ein konsonant eller en vokal, men nokre alfabet hart berre teikn for konsonantar.

Faktaboks

Uttale
alfabˈet
Etymologi
av alfa og beta, de to første bokstavene (α Α, β Β) i det greske alfabetet

Det latinske alfabetet er det mest utbreidde alfabetet i verda. På norsk nyttar ein det latinske alfabetet med tillegg av vokalane æ, ø og å.

Historikk

Den tidlege utviklinga frå biletskrift til alfabet er uviss. Dei gamalegyptiske hieroglyfane omfatta eit alfabet på 24 konsonantar som blei brukt i lag med med biletskrift, men aldri i sjølvstendig bokstavskrift.

Det eldste reine alfabetet som er kjent, er det nordsemittiske, som stammar frå syrisk-palestinsk område frå tida 1700–1500 fvt. Det finst ei rekkje teoriar om moglege samband mellom hieroglyfane og dette alfabetet, men det har ikkje late seg gjere å fastslå noka gradvis utvikling.

Frå det nordsemittiske alfabetet utvikla det seg kring 1000 fvt. fire hovudgreiner av alfabetet i middelhavsområdet: kanaaneisk, arameisk, sørsemittisk og gresk. Dei fleste alfabeta i verda har utvikla seg frå desse fire.

Kanaaneisk alfabet

Det kanaaneiske alfabetet delte seg i to hovudgreiner: fønikisk og tidleg hebraisk (paleo-hebraisk) alfabet.

Det fønikiske alfabetet blei spreitt med fønikarane over heile middelhavsområdet. Det blei skrive frå høgre mot venstre, til dømes 𐤒𐤓𐤕𐤄𐤃𐤔𐤕 k'rt hdɬt 'ny by', det fønikiske namnet på Kartago. Ein utlaupar, tifinagh, har overlevd blant berberar, særleg tuaregane i Sahara; andre variantar av det fønikiske alfabetet er utdøydde.

Det tidlege hebraiske alfabet blei alt på 500-talet fvt. fortrengt av det arameiske alfabetet (kvadratskrift), sjølv om det overlevde i stilisert form på jødiske myntar fram til 135 evt. Ein annan variant, det samaritanske alfabetet, blir framleis brukt til liturgiske formål av samaritanarane.

Arameisk alfabet

Frå det arameiske alfabetet stammar mange alfabet, som praktisk kan delast i to greiner: semittiske og ikkje-semittiske alfabet.

Semittiske alfabet

Til den semittiske greina høyrer hebraisk, med mellom annet hebraisk kvadratskrift, og det arabiske alfabetet.

Dei tidlegast kjende dokumenta i hebraisk kvadratskrift er frå 200-talet fvt. Ho blei standardisert like før kristen tid, og er opphavet til det moderne hebraiske alfabetet. Det har 22 konsonantar, og fire av dei kan òg brukast for lange vokalar. I tillegg finst det vokalteikn som kan føyast til over eller under konsonanten – til dømes יְרוּשָׁלַיִם jǝrušålajim 'Jerusalem', utan vokalteikn ירושלים jrwšljm – men dei blir hovudsakleg nytta i religiøse tekstar, ordbøker og bøker for born. Hebraisk skrift blir skriven frå høgre mot venstre.

Det arabiske alfabetet oppstod truleg på 300-talet evt., men den eldste kjende innskrifta er frå 512 evt. I moderne tid er det arabiske alfabetet det nest mest utbreidde. Det har 28 konsonantteikn. Vokalane kan markerast med eigne teikn over eller under konsonantane, som i hebraisk kvadratskrift – til dømes دَوْلَةُ ٱلْكُوَيْت dawlatu-lkuwajt 'Staten Kuwait', utan vokalteikn دولة الكويت – men blir til vanleg berre nytta i ordbøker, lærebøker for born og heilage skrift. Alfabetet blir skrive frå høgre mot venstre.

Ikkje-semittiske alfabet

Til den ikkje-semittiske greina høyrer mellom anna det mongolske, det armenske og det georgiske alfabetet og den indiske brahmi-skrifta.

Mongolane fekk alfabetet sitt frå dei tyrkiskspråklege uiguraneDsjengis-khans tid (1200-talet). Det har 16 konsonantteikn og 7 vokalteikn. Alfabetet blir skrive ovanfrå og nedover i rader frå venstre mot høgre. Det mongolske alfabetet blei på 1500-talet også teke i bruk av mandsjuane.

Det armenske og det georgiske alfabetet blir skrivne frå venstre mot høgre – som i Հայերեն hajeren 'armensk' og ქართული kartuli 'georgisk'. Det armenske blei konstruert på 400-talet evt. av St. Mesrob på grunnlag av det arameiske og det greske alfabetet. Det georgiske alfabetet har eit uvisst opphav. Rekkjefølgja på bokstavane viser gresk påverknad, men forma på bokstavane tyder på eit samband med det arameiske alfabetet. Det armenske alfabetet har 8 vokalteikn og 30 konsonantteikn, mens det georgiske alfabetet har 5 vokalteikn og 30 konsonantteikn.

Indisk brahmi-skrift oppstod truleg på 600-talet fvt. Ho viser tydeleg arameisk påverknad i forma på mange bokstavar, og blei opphavleg skrive frå høgre mot venstre, jamvel om rekkjefølgja seinare blei snudd. Dei eldste kjende innskriftene er frå 200-talet fvt. Skrifta finst i to hovudtypar, ein nordindisk og ein sørindisk. Den mest kjende nordindiske varianten er devanagari, som blei utvikla på 600–800-talet. Devanagari, som blir brukt til å skrive sanskrit og seinare også mellom anna hindi, har 14 teikn for vokalar og diftongar og 34 for konsonantar. Når ein vokal følgjer ein konsonant i uttalen, blir vokalen skriven som eit tillegg framfor, etter, over eller under konsonantteiknet – til dømes म ma, मा mā, मे me, मि mi, मी mī, मो mo, मु mu, मू mū, मौ mau og मै mai. Frå og med 1000-talet oppstod mange nye alfabet frå devanagari, som newari, bengali, oriya, assami, gujarati, bihari og gurmukhi.

Dei sørindiske alfabeta omfattar mellom anna kannada, telugu, tulu-malayalam og tamil. Dei indiske alfabeta har eigne talteikn som kom til Europa via arabarane, og er kjende som «arabiske tal». Nullteiknet (0) er ei indisk oppfinning. Med utbreiinga av buddhismen spreidde sørindiske variantar av brahmi-skrifta seg til Søraust-Asia og Indonesia, der fleire nye alfabet oppstod, mellom anna det burmesiske, thai-alfabetet og khmer-alfabetet.

Sørsemittisk alfabet

Det einaste sørsemittiske alfabetet som framleis er i bruk, er det etiopiske, som har 29 konsonantteikn og blir skrive frå venstre mot høgre. Vokalane blir uttrykte gjennom små endringar av konsonantteikna – til dømes በ be, ቡ bu, ቢ bi, ባ ba, ቤ bé, ብ bı, ቦ bo. Det etiopiske alfabetet utvikla seg frå det sabeiske alfabetet (brukt i det bibelske Saba), eitt av mange alfabet som var i bruk på Den arabiske halvøya frå byrjinga av det første tusenåret fvt. og gjekk av bruk ved framvoksteren av islam.

Det greske alfabetet og europeiske alfabet

Det greske alfabetet oppstod frå nordsemittisk skrift kring 1000 fvt. Den viktigaste nyvinninga var vokalteikna. Teikn for konsonantar som ikkje fanst i gresk, blei tekne i bruk som vokalteikn. I dei eldste greske innskriftene er skriveretninga frå høgre mot venstre. Seinare gjekk dei over til bustrofedon (gresk 'som oksen dreg plogen'), det vil seie vekselvis frå høgre mot venstre og frå venstre mot høgre, med medfølgjande spegelvending av bokstavane. Frå kring 500 fvt. blei det berre skrive frå venstre mot høgre. Det moderne greske alfabetet har 7 vokalteikn og 17 konsonantteikn.

Det greske alfabetet spreidde seg mellom annet til Vesleasia, Egypt og Italia. I Egypt blei ei tilpassa utgåve av det greske alfabetet teken i bruk for å skrive koptisk på 100-talet evt. I Italia gav det greske alfabetet opphav til mellom anna det etruskiske alfabetet. Dei eldste etruskiske innskriftene er frå 700-talet fvt. Etruskisk blei først skrive frå høgre mot venstre, deretter i bustrofedon, og til slutt frå venstre mot høgre. Det etruskiske alfabetet fekk si endelege form kring 400 fvt., med 4 vokalteikn og 16 konsonantteikn.

Ein reknar med at romarane tilpassa det etruskiske alfabetet til latin på 600-talet fvt. Det latinske alfabetet hadde opphavleg 5 vokalteikn og 16 konsonantteikn. X er ei nydanning som blei sett på slutten av alfabetet, etter V. Y og Z blei overtekne direkte frå gresk på 100-talet evt. og sette etter X. W og skilja U/V og I/J stammar frå mellomalderen; tidlegare skreiv ein berre V og I. Seinare har forskjellige bokstavar blitt lagde til i ulike språk, til dømes Æ, Ø og Å i norsk. Norsk lånte Å frå svensk ved rettskrivingsreformene i 1907 og 1917.

Det kyrilliske alfabetet har namnet etter slavarane sin apostel Kyrillos (ca. 826–869), og blir nytta mellom anna for russisk, bulgarsk, serbisk, ukrainsk og mange andre språk i den tidlegare Sovjetunionen (dei kolasamiske dialektane akkala, kildin og ter, mordvinsk, tadsjikisk og så bortetter), og i mongolsk. Det hadde opphavleg 43 teikn, mens dei moderne variantane av alfabetet har færre, det russiske til dømes 33.

Runene viser klar slektskap med det latinske alfabetet – med til dømes bokstavar som ᚨ A, ᛒ B, ᚲ C [k], ᚠ F, ᚺ H, ᛁ I, ᚱ R og ᛏ T. Det er kjent i nordiske innskrifter frå og med 200-talet. Skriveretninga varierte mellom bustrofedon og frå venstre mot høgre. Med innføringa av kristendommen blei runene gradvis fortrengde av det latinske alfabetet.

Alfabetet i den gotiske bibelomsetjinga frå 300-talet blei skapt av biskop Wulfila. Dei fleste bokstavane har gresk opphav – som 𐌰 Α, 𐌱 Β, 𐌲 Γ, 𐌳 Δ, 𐌴 Ε og 𐌶 Ζ og så bortetter – men nokre er tekne frå runealfabetet, som 𐌿 u og 𐍆 f, jamfør runene ᚢ u og ᚠ f.

Andre alfabet

Det finst nokre alfabet i bruk som ikkje kan setjast i direkte samband med det nordsemittiske alfabetet med omsyn til form; idéen har truleg likevel opphav i denne tradisjonen. Viktigast er det koreanske, som blei teke i bruk i 1446 etter at ein i fleire hundre år hadde skrive koreansk med kinesiske skriftteikn. Alfabetet, konstruert av ei gruppe lærde utpeikt av kong Sejong, har 28 bokstavar, og er svært systematisk. Bokstavane blir ordna i blokker som representerer stavingar, slik at ein skriv 한글 hanɡɯl i staden for ㅎㅏㄴㄱㅡㄹ. Alfabetet blir kalla 한글 hanɡɯl i Sør-Korea og 조선글 ɟozʌnɡɯl i Nord-Korea. I Nord-Korea skriv dei koreansk utelukkande med alfabetisk skrift, mens dei i Sør-Korea delvis kombinerer det med kinesiske teikn.

Ikkjealfabetisk skrift

Ikkje alle skriftsystem som er i bruk i dag, er alfabetiske. Viktige unnatak er kinesisk og japansk skrift og cree-skrifta.

Den kinesiske skrifta er i hovudsak er morfemskrift – kvart teikn står typisk for eit morfem, til dømes 北 běi 'nord' + 京 jīng 'hovudstad' = 北京 Běijīng 'Beijing'.

Japanarane tok i bruk kinesiske skriftteikn i dei første hundreåra evt. På 800-talet utvikla dei ei bokstavskrift, kana, med to variantar, hiragana og katakana. Denne skrifta er ikkje alfabetisk, men syllabisk. Bokstavane står med eitt unnatak (n) for stavingane i det japanske språket – ein vokal eller ein konsonant pluss ein vokal – jamfør hi-ra-ga-na ひらがな og ka-ta-ka-na カタカナ.

Cree-skrifta blei oppfunnen av misjonæren James Evans rundt 1840 og teikna står i hovudsak for stavingar i cree, til dømes ᓀᐦᐃᔭᐌᐎᐣ nē-hi-ya-wē-wi-n 'cree-språket'.

Bokstaveringsalfabetet (det fonetiske alfabetet)

Bokstaveringsalfabetet blei opphavleg nytta for å unngå misforståingar over telefon og radiosamband, med støy og dårleg lydkvalitet. Det blir også misvisande kalla «det fonetiske alfabetet», men har ingenting med fonetikk å gjere, i motsetnad til til dømes IPA, det internasjonale fonetiske alfabetet.

Bokstav Norsk system Engelsk system Internasjonalt system*
A Anna Alfred Alpha
B Bernhard Benjamin Bravo
C Cæsar Charlie Charlie
D David David Delta
E Edith Edward Echo
F Fredrik Frederick Foxtrot
G Gustav George Golf
H Harald Harry Hotel
I Ivar Isaac India
J Johan Jack Juliette
K Karin King Kilo
L Ludvig London Lima
M Martin Mary Mike
N Nils Nellie November
O Olivia Oliver Oscar
P Petter Peter Papa
Q Quintus Queen Quebec
R Rikard Robert Romeo
S Sigrid Samuel Sierra
T Teodor Tommy Tango
U Ulrik Uncle Uniform
V enkelt-v Victor Victor
W dobbelt-v William Whisky
X Xerxes X-ray X-ray
Y yngling Yellow Yankee
Z Zakarias Zebra Zulu
Æ Ægir, Ærlig**
Ø Ørnulf, Østen**
Å Åse, Ågot**

*Eigentleg ICAO-systemet eller NATO-systemet, men godt etablert som ein internasjonal standard.

**Dei norske bokstavane Æ, Ø og Å er ikkje standardiserte. Difor blir også andre ord nytta.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Coulmas, Florian (1996). The Blackwell encyclopedia of writing systems.
  • Firmage, Richard A. (2000). The alphabet abecedarium. ISBN 0-7475-4757-2
  • Jackson, Donald (1982). Skrivekunstens historie. ISBN 82-10-02203-2
  • Robinson, Andrew (1996). Skriftens historie.

Kommentarar (2)

skreiv harald sperre

Vi er ikke alene om bokstav Æ i Skandinavia.Jeg har i sjeldne tilfeller sett denne sammenskrevne varianten også brukt i tysk. ("Bræu", i flere bayerske bryggeri-navn)Er det noen der ute som vet noe om når og hvor denne Æ'en opptrådde for første gang ? Altså : I sammenskrevet form, ikke som A pluss E, eller Ä .Er kanskje denne tyske varianten eldre enn vår skandinaviske ?Filologisk hilsenHarald Sperre

skreiv Rolf Theil

Hei! Det har blitt ein feil i tabellen "Det fonetiske alfabet (bokstaveringsalfabet)": Overskriftene har flytta seg ein kolonne til venstre, slik at "Norsk system" står over bokstav-kolonnen, "Engelsk system" står over kolonnen med det norske systemet osb. Helsing Rolf Theil PS: Eg har skrive det meste av denne artikkelen, men har ikkje tilgang til han, og får mao. ikkje retta opp dette sjølv.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg