Nedbrend regnskog, Amazonas (Brasil)
Nedbrend regnskog i Amazonas (Brasil, 1990) for utviding av kvegfarming.
Nedbrend regnskog, Amazonas (Brasil)
Av /BASTA!.

Avskoging er å hogge ned eller brenne naturleg skog i eit slikt omfang at den naturleg gjenveksten blir redusert eller stoppar opp. Føremålet med avskoginga er å gi plass til oppdyrking, beitemark, plantasjar, busetnad, transportmiddel, demningar eller å ta ut virke til trekol og brensel (gruveindustri).

Historikk

Store areal har vorte avskoga av mennesket gjennom tidene. Middelhavsområdet, som no er meir eller mindre skoglaust, hadde tidlegare store, skogdekte areal, og Mellom- og Vest-Europa var opphavleg heilt dekt av skog. Dei austlege skogane i Nord-Amerika forsvann på 1800-talet. Kina, der 50 prosent av areala tidlegare var skogkledde, hadde i 1950-åra berre åtte prosent skog igjen. Også i Noreg førte behovet for ved til koparsmelting på Røros til at skogen vart så uthoggen tidleg på 1700-talet at brensel måtte fraktast inn frå andre stader. Kysten av Vestlandet vart avskoga for å skapa beiteland (kystlynghei) for 5000–1000 år sidan.

Tropisk avskoging

Ein reknar med at minst ein tredel av skogområda i verda er forsvunnen. I dag går den kraftigaste avskoginga før seg i dei tropiske områda – til dømes forsvann det truleg minst 500 000 kvadratkilometer (km2) tropeskog berre i Afrika i perioden 1980–1990, og i Brasil er om lag ein tidel av regnskogen borte.

FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) anslår at den årlege avskoginga i perioden 2000–2005 var om lag 130 000 km2. Samstundes går det i enkelte område føre seg ei naturleg utviding av skogdekket, som saman med aktiv skogreising og anlegg av plantasjeskog fører til at netto årleg avskoging ligg på 73 000 km2.

I 1990-åra vart den årlege avskoginga rekna til å liggje på 89 000 km2. Tala tyder på at avskogingstakten kan vera redusert i seinare år, men han blir framleis rekna som alarmerande høg.

Konsekvensar og tiltak

Både landskap og klima går gjennom store endringar når skogen forsvinn. Fordampinga og fukta i lufta minkar, og dette endrar klimaet og kretsløpet til vatnet – ikkje berre lokalt, men i enkelte tilfelle også langt utanfor dei avskoga områda. Jordoverflata blir ubeskytta, noko som fører til auka solinnstråling og etterfølgjande uttørking, erosjon og jordtap. Resultatet blir store vekslingar mellom sterk avrenning og tørke. Sediment som følgjer med flaumvatnet, kan tette igjen vassdrag og vatningssystem, med forsumping, flaum og saltutfelling som ytterlegare konsekvensar.

Auka klimaendringar

Ved avskoging blir organisk bunde karbon frigjort, samstundes som CO2-opptaket til fotosyntese i skogen stansar eller sterkt blir redusert på desse areala. Meir karbon endar dimed i atmosfæren som karbondioksid, og kan vera med på å vesentleg auke drivhuseffekten.

Tap av artar

I område der jordsmonnet er fattig, som i dei tropiske regnskogane, vil ikkje den opphavlege skogen kunna vekse opp igjen. I staden kjem det opp ein såkalla sekundærskog, med andre treslag og andre artar, som er mindre artsrik enn den opphavlege skogen. Når den opphavlege skogen blir fjerna, forsvinn mange av artane som er knytt til han – størstedelen av det biologiske mangfaldet på Jorda er truleg nettopp i dei tropiske regnskogane.

Norsk regnskogsatsing

Våren 2008 vart den norske klima- og skogsatsinga etablert. Noreg samarbeider med ei rekkje utviklingsland om å stanse øydelegginga av regnskogane i verda. Årsakene til avskoginga i verda er samansette, og satsinga består difor av samansette tiltak i mange land.

Fram til 2030 planlegg Noreg å nytte fleire titals milliardar kroner over bistandsbudsjettet for å redusere utslepp frå avskoging og skogdegradering i utviklingsland. Dette blir gjort for å redusere presset på tropiske skogareal og medverke til berekraftig skog- og arealforvaltning i meir enn ti utviklingsland, mellom anna Brasil, Tanzania og Indonesia.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg