Qinghai

Vindpark i Qinghai
Vindpark
Lisens: CC BY SA 3.0
Landskap nær Lenghu (Qaidam)
Lenghu
Lisens: CC BY SA 3.0
Oversyn Qinghai
Av .
Lisens: CC BY 3.0

Qinghai er ein innlandsprovins i Kina, og grensar til Tibet i sørvest, Xinjiang i nordvest, Gansu i nordaust og Sichuan i søraust. Flateinnhaldet er 722 300 kvadratkilometer, og folketalet er 6 007 820 (2019). Xining er provinshovudstaden. Området er ein del av det gamle tibetanske heimlandet (heile Amdo og deler av Kham).

Faktaboks

Uttale
tʃ-
Også kjent som
Kinesisk: 青海
Tsinghai
Chinghai

Natur

Qinghai omfattar den nordaustlege delen av det tibetanske høglandet. Det meste av provinsen ligg 2500–4500 meter over havet. Provinsens høgaste fjell er Bukadaban Feng (6860 meter over havet) i Kunlunfjella (Kunlun Shan). Topografisk kan Qinghai delast i tre område: Qilianfjellene i nordaust, Qaidambassenget i nordvest, og eit platå i sør som omfattar meir enn halvparten av provinsen. Qilianfjellene strekk seg 800 kilometer langs grensa mot Gansu, og når i vest over 5000 meter over havet. Qaidambassenget er eit av Kinas tre store innlandsbasseng, 2600–3100 meter over havet, og omfattar mektige sumpmarker med mange saltsjøar. Platået i sør blir forma av ei rekkje fjellkjeder. Dei store elvane Huang He, Chang Jiang (her kalla Tongtian) og Mekong (Lancang) har alle kjeldene sine her. Qinghai har cirka 230 innsjøar – dei fleste saltsjøar utan avlaup, slik som Qinghaisjøen, som er Kinas største innsjø.

Vegetasjonen er prega av vide grasmarker og fjellandskap; ørken og saltholdig jord i Qaidambassenget. 2,5 prosent av arealet er skogkledd.

Klimaet har store døgn- og årstidsvariasjonar; torevêr, haglskurer, sterke vindar og sandstormar er vanleg. Middeltemperaturen varierer i januar mellom –8 °C og –20 °C, og i juli mellom 0 °C og 20 °C, med den sentrale delen og Qaidambassenget som det mildaste området, og fjellstrøka i sørvest og søraust som dei kaldaste. Årsnedbøren er låg.

Befolkning

Qinghai omfattar dei tynnast folkesette delane av Kina utanfor Tibet. 55 prosent bur i byar og tettbygde strok. Han-kinesarar utgjer 52 prosent av folketalet, medan minoritetar utgjer 48 prosent; desse omfattar tibetanarar, hui, tyrker og salah. To trdjedelar bur i tilknyting til jordbruksområda i dalane i nordaust, der også hovudstaden Xining ligg.

Den tibetanske kulturen har ein betydeleg innverknad, noko som mellom anna blir merka i dei mange buddhistiske klostera i provinsen. Den noverande Dalai Lama er fødd ved Qinghaisjøen.

Næringsliv

Jordbruket er konsentrert til den austlege delen langs elvane Huang Shui og Huang He. Det blir dyrka kveite, bygg, poteter or raps. På dei vide beitemarkene blir gjetne store buskapar med sauer, geiter og jaker. Det blir òg avla storfe, griser og hestar. I Qaidambekkenet finst rike mineralressursar med mellom anna store saltførekomstar. Førekomstane av sylvin, magnesitt, litium, jod og svovel er alle dei største i Kina, og ved blir vunne ut olje. Vasskraftpotensialet er særs stort, og eit av Kinas største vasskraftverk finst ved Longyangkløften langs Huang He. Xining har eit av Kinas største aluminiumverk. Annan industri omfattar produksjon av ull- og hudprodukter og dessutan noko matvarer og kjemikaliar. Dei siste åra er det også etablert betydeleg industri for vindbasert elektrisitetsproduksjon.

Utbygging av samferdselen sidan 1949 har avhjelpt den tidlegare svært så isolerte plasseringa. Jernbane knyter Xining og Golmud saman med Lanzhou.

Historikk

Frå seinast på 700-talet vart området styrt av tibetanarar og uigurar inntil mongolane angreip på 1200-talet. Dalane i nordaust var opphavleg ein del av Kina allereie under Han-dynastiet, men dei vart teke tilbake først under Qing-dynastiet 1723. Ein fullstendig administrativ kontroll over høglandområda fekk Kina først etter etableringa av Folkerepublikken Kina i 1949.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg