Monsun

Monsun. Prinsippet for Asias monsun er det same som for monsunvindar elles i verda. Temperaturen søkk raskare over land enn over hav. Om sommaren blir landet oppvarma i forhold til havet, og dei oppvarma, stigande luftmassane over land dannar lågtrykk som trekkjer inn fuktige pålandsvindar. Om vinteren blir landet nedkjølt i forhold til havet, og kalde, søkkande luftmassar over land dannar høgtrykk med tørr frålandsvind som resultat.

Av /KF-arkiv ※.
Monsun: vindretning i India

Monsun. Vindretninga til monsunen blir påverka av regionale og lokale terrengforhold. Figuren viser dei dominerande vindretningane i India under sommar- og vintermonsunen.

Av /Store norske leksikon ※.

Monsun er ein type vind som skiftar retning med årstida. Asia blir ramma av den sterkaste monsunen, og her fører den fuktige lufta til ei fleire månader lang regntid.

Faktaboks

Uttale
monsˈun
Etymologi
frå arabisk mausim, ‘årstid’

Monsun kjem av variasjon i temperaturen mellom land og hav. På våren og forsommaren går oppvarminga raskast over land. Her stig den varme lufta til vêrs, noko som fører til lågt trykk på bakkenivå. Fuktig luft strøymer deretter frå havet inn mot dette kontinentale sommarlågtrykket. Luftstraumen blir påverka av jordrotasjonen slik at han blæs med lågt trykk til venstre på den nordlege halvkula og til høgre på den sørlege. Tilsvarande blir det i den kalde årstida kontinentale vinterhøgtrykk som gir tørr frålandsvind. Denne vinden blæs med land til høgre på den nordlege halvkula og til venstre på den sørlege.

Opphavleg er monsun eit namn på vinden over Arabiahavet, der det blæs frå nordaust om vinteren og frå sørvest om sommaren. I meteorologien blir uttrykket også brukt om andre vindsystem som har same årsak.

Monsunen over Asia

Dei største lufttrykkvariasjonane, og dermed den sterkaste monsunen, skjer over Asia. Over kystområda og havet i sør og søraust blæs det om vinteren ein nordaustmonsun, som svarer til nordaustpassaten i andre havområde på tilsvarande breiddegrad. Sør for ekvator bøyer luftstraumen av slik at ein får nordvestmonsun, særleg markert over Indonesia.

Regnbeltet rundt ekvator (sjå regntid) er om vinteren forskyvd til den sørlege halvkula. Om sommaren blæs passaten frå sør over ekvator, blir avbøygd til høgre og blæs så frå sør til sørvest inn over Asia. Denne lufta er svært fuktig og gir rikeleg med nedbør i ei regntid på tre–fem månader som dannar grunnlaget for utbreidd risdyrking. Særleg i India er namnet monsun reservert for denne sommarlege havvinden med regn.

Monsunen er ikkje stabil; det opptrer stadig forstyrringar i større eller mindre skala. I samband med monsunskifta, særleg om hausten, kjem det av og til tropiske orkanar med flaum og store skadar over låglandet nær kysten. Monsunregnet kan variere sterkt frå år til år, og det kan føre til tørke, hungersnød eller flaumkatastrofar.

Det er ikkje monsun i Nord-Europa, men det er den same prosessen, altså raskare oppvarming og avkjøling av land enn hav, som står bak fenomen som land- og sjøbris som om sommaren oppstår langs kysten i tempererte strøk over heile verda.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (2)

skreiv Amalie Kvame Holm

resulterende utstrømning i høyden?
kontinentale sommerlavtrykket påvirkes av jordrotasjonen?
tørr fralandsvind?
De største årstidspregede lufttrykkvariasjonene?
nordøstpassaten?
Det ekvatoriale regnbeltet?

flere ord kan lenkes til i leksikonet

svarte Andreas Tjernshaugen

Takk for kommentar og beklager at den har blitt liggende ubesvart. Vi prøver å gjøre teksten litt lettere tilgjengelig, blant annet med flere lenker.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg