Cymbal, slagverksinstrument av metall. I antikken var det musikkinstrument i form av to runde metallplater som vart slått mot kvarandre. Instrumentet er kjend som ei rund bronseplate festa på eit stativ. Cymbalar utgjer ein viktig del av det moderne trommesettet i jazz og populærmusikk, og har ei sentral funksjon i marsj og klassisk musikk. Cymbalar fins i dei fleste størrelsar, og har sin hovudfunksjon i å markere skifter og/eller aksentueringar i musikk.

Cymbal består av bronselegering, < 20% tinn og 80% koppar, messinglegering for rimelegare cymbalar. Mengda tinn i ei legering kan endrast/minkas for å oppnå anna karakteristikk, men kan ikkje aukas til eller overstige 20%. Utgangspunktet for cymbalar er ei standard flatvalsa plate som trykkdreiast mot ei form. Deretter glødast og hamrast for hand eller maskin til ynskja karakteristikk.

Hi-hat-cymbalar (13"-16") er to cymbalar som ligg over kvarandre på eit stativ. Hi-hat-en er trommesettets puls, og spelast tradisjonelt på kvar fjerdedel, åttandedel eller sekstandedel i ei takt.

Ridecymbalar (18"-24") har nokså lik pulsfunksjon som hi-hat, men gir større og varmare tone.

Crash-cymbalar (13"-20") brukast til markeringar og aksentueringar i start/avslutning og i overgang mellom deler. Crashcymbalar har ein undergruppe effektcymbalar:

  • - splash (6"-12"), brukes til hurtige aksentueringer
  • - china (6"-26"), særegen vrangtone
  • - gong (6"-40"), loddrett cymbal i tau fra stativ
  • - bekken / A2 (12”-22”), sett av cymbalar som slåast mot kvarandre, holdes ved stropper.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.