Mest brukte namn blant norske menn i 2022
Mest brukte namn blant norske menn i 2022
Lisens: CC BY NC SA 3.0
Vanlegaste namn blant gutar fødd 2012–2022
Vanlegaste namn blant gutar fødd 2012–2022
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Mannsnamn er førenamn som blir brukte av gutar og menn. I norske namn er det særleg lydlege trekk som skil mannsnamna frå kvinnenamna.

Dei mest brukte norske mannsnamna er Jan, Per, Bjørn, Ole, Lars, Kjell, Svein, Knut, Thomas og Arne. I perioden 2012–2022 var William, Oliver, Emil, Noah og Henrik dei mest populære namna å gje til nyfødde gutar.

Lydlege trekk

Éi staving, korte namn

Det er mykje meir vanleg at det berre er éi staving i mannsnamna enn i kvinnenamna.

Om vi legg til grunn namn som har vore brukte av minst 1000 namneberarar for kvart kjønn i perioden 1900–2017, viser det seg at 19 % av desse mannsnamna har éi staving – mot 4 % for kvinnenamna.

Dette er namn som Alf, Ask, Bjørn, Bård, Dag, Finn, Geir, Kjell, Knut, Leif, Odd, Rolf, Sjur, Stein, Stig, Svein, Tor, Tord, Trond, Truls, Trym og Ulf. Døme på slike kvinnenamn er Aud, Bjørg, Gerd, Gunn og Unn.

Hovudtyngda av dei einstava mannsnamna har nordisk opphav. I tillegg kjem nokre namn som også kan reknast som nordiske i og med at dei på nordisk grunn har fått ei lydleg justering av eit utanlandsk fleirstava namn. Døme på slike namn er Bent (av Benedikt), Jon (av Johannes), Jørn (av Jørgen), Lars (av Laurentius), Mats og Mads (av Mathias), Nils (av Nikolaus) og Per (av Peter). Elles er nokre av dei einstava namna innlånte frå engelsk og tysk, til dømes Frank, Glenn, Jack, Jim, Kent, Ernst, Frits, Klaus, Kurt.

Utvalet av namn er her – og lenger ned – basert på frekvensar for namnet brukt som det einaste namnet, til dømes Tor, eller som det fyrste av fleire – som Tor i Tor Gerhard. Derimot er det ikkje tatt omsyn til namnetilfanget i andre posisjon, til dømes Gerhard i Tor Gerhard.

Tre eller fire stavingar, lange namn

Når vi går over frå dei kortaste namna til den motsette kategorien – dei lengste namna, er det ein klar dominans for kvinnenamna. Dette er namn med tre eller fire stavingar. Om vi også her avgrensar oss til namn med minst 1000 namneberarar for kvart kjønn, viser det seg at kvinnenamna dominerer med 28 % mot 8 % for mannsnamna.

Dei aller fleste lange namna er innlånte namn, til dømes desse blant kvinnenamna: Andrea, Anita, An(n)ette, Charlotte, Eline, Elisabet(h), Elise, Helene, Henriette, Irene, Johanne, Camilla (inklusive Kamilla), Katrine (med variantar), Lillian, Marianne, Mat(h)ilde, Meret(h)e, Monika (inklusive Monica), Synnøve og T(h)erese.

Blant mannsnamna gjer særleg dei bibelske mannsnamna seg gjeldande, t.d. Andreas, Benjamin, Daniel, Elias, Joakim, Mathias og Tobias. Desse mannsnamna vart populære da bølgja med bibelske mannsnamn kom rundt år 2000. Døme på andre mannsnamn med minst tre stavingar er Adrian, Aleksander, Fabian, Julian, Kristoffer, Marius, Matheo, Nikolai, Oliver og T(h)eodor.

Dei fleste namna med minst tre stavingar kjem frå latin, gresk og hebraisk.

To stavingar, mellomlange namn

I mellomsjiktet mellom einstava namn og namn med minst tre stavingar kjem dei namna som har to stavingar. I denne kategorien er det ikkje stor forskjell mellom mannsnamna og kvinnenamna; det er litt fleire mannsnamn enn kvinnenamn. Det er nokså lik kjønnsfordeling i underkategorien samansette namn (Asbjørn og Aslaug).

Sluttvokal som kjønnsmarkør

Tostava namn som sluttar på -e

Blant tostava namn som endar på -e er det klart fleire nordiske mannsnamn enn kvinnenamn, til dømes Arve, Asle, Bjarte, Børge, Frode, Gisle, Helge, Inge, Jarle, Ole, Ove, Rune, Ståle, Terje, Yngve og Åge.

Kvinnenamna på -e derimot er fordelte på forskjellige underkategoriar. Ein viktig underkategori er til dømes kortformer som Else (av Elisabet), Grete (av Margrete), Hanne (av Johanne), Lene (av Helene og Magdalene), Lise (av Elisabet), Rikke (av Henrikke), Silje (av Cecilie), Synne (av Synnøve) og Vilde (av Alvilde). Kortformer på -e av mannsnamn er sjeldan.

Namn som ender på -a

Det lydlege trekket som klarast skil mellom mannsnamna og kvinnenamn, er endinga -a. Av dei 3000 mest brukte kvinnenamna i perioden 1900–2017 er det såleis 32 % (nesten 1000 namn) som endar på -a. Dei mest vanlege av desse namna er Anna, Eva, Ida, Nina og Maria.

Endinga -a er altså eit sikkert kjennemerke på eit kvinnenamn, for blant mannsnamna er det forsvinnande få med denne endinga. Det er berre Ola, Sturla og det bibelske Noa(h) som er brukte på fleire enn 500 menn.

Samansette namn

Den mest utbreidde namnetypen i norrøn tid – både blant mannsnamna og kvinnenamna – var dei samansette namna, til dømes Dagfinnr med Dag- som forledd og -finnr som etterledd. Andre døme på slike mannsnamn i norrønt er Arnfinnr, Jósteinn, Sigmundr og Eyvindr.

Også i vår tid har denne namnetypen vore populær, og i perioden 1900–2017 var det omtrent like mange samansette mannsnamn som kvinnenamn, men mannsnamna skilde seg ut på den måten at dei var mykje brukte frå 1920-åra og inn i 1970-åra. Dei samansette kvinnenamna derimot hadde ei kortare blomstringstid i og med at dei var mest populære i mellomkrigstida, til dømes Aslaug, Gunvor og Reidun.

Døme på mykje brukte samansette mannsnamn er Arnfinn, Arvid, Asbjørn, Dagfinn, Jostein, Oddbjørn, Oddvar, Sigmund, Torbjørn, Torstein, Øystein og Øyvind.

Nordiske namn

Det er mange fleire mannsnamn av nordisk opphav (45 %) enn kvinnenamn (28 %). Døme på nokre vanlege nordiske mannsnamn er Arne, Bjørn, Einar, Gunnar, Harald, Helge, Kjell, Knut, Kåre, Leif, Odd, Olav, Ole, Rolf, Steinar, Svein, Tor, Tore og Øyvind.

Av spesiell interesse er dei tostava mannsnamna som endar på -e, for blant dei 50 mest vanlege namna av denne typen finst det berre eitt utanlandsk namn, det tyske Heine. Døme på slike nordiske namn på -e er Arne, Asle, Bjarte, Børge, Frode, Gisle, Helge, Inge, Jarle, Ole, Ove, Rune, Ståle, Terje, Yngve og Åge.

Dei nordiske mannsnamna var mest brukte midt på 1900-talet. I perioden 1950–1954 var det såleis berre Jan (nummer 1) og Johan (nummer 20) som kan reknast som innlånte blant dei 20 mest frekvente namna. Frå 1970-åra har bruken av dei nordiske mannsnamna gått markant tilbake, og tidleg på 2000-talet kryssa den nedgåande kurva for dei nordiske mannsnamna den stigande kurva for dei bibelske mannsnamna. Etter år 2000 var det altså fleire gutar som fekk eit bibelsk namn enn eit nordisk namn.

Mannsnamna mindre moteprega enn kvinnenamna

Endringane for kvinnenamna har skjedd raskare enn for mannsnamna. Det har altså vore større endringstakt – større motepreg – for kvinnenamna, og på den andre sida har det vore større kontinuitet for mannsnamna.

Dette kjem blant anna fram ved samanlikning av namnetilfanget i 25-årsperiodar på 1900-talet. Det viser seg da at det var heile 45 kvinnenamn – mot berre fire mannsnamn (Adolf, Emanuel, Kornelius og Martinius) – som hadde ein markant nedgang frå perioden 1900–1924 til perioden etterpå (1925–1949). Da er mannsnamna med slektsnamnkarakter haldne utafor, for det vart forbod mot slike namn i den fyrste namnelova (1923). Desse var berre brukte på menn, til dømes Monrad og Selmer.

Eit anna eksempel på at mannsnamna er meir stabile enn kvinnenamna, er dei samansette namna. Mens desse mannsnamna heldt seg godt frå 1920-åra til inn i 1970-åra, var dei samansette kvinnenamna mest populære i mellomkrigstida.

Mindre namnevariasjon i mannsnamna enn i kvinnenamna

Om vi legg til grunn namn (inklusive variantar) som har vore brukte på minst 10 personar i perioden 1900–2017, viser det seg at det er atskilleg fleire kvinnenamn (omtrent 3000) enn mannsnamn (omtrent 2600).

Ei viktig forklaring til at det er fleire kvinnenamn enn mannsnamn, er at kvinnenamna (som nemnt under overskrifta «»Lydlege trekk») er lengre, og dess lengre namna er, dess større rom gir dette for namnevariasjon.

Dette ser vi tydeleg ved namnet Vibeke som har desse åtte variantane: Vibece, Vibeche, Vibecke, Vibekke, Wibeche, Wibecke, Wibeke, Wibekke. Her er det blant anna bruken av dei framande bokstavane W og C som har medverka til den store variasjonen. Variasjon med w og c har vi også i mannsnamna, men i og med at dei gjennomgåande er kortare, til dømes Karl og Carl, er potensialet for variantar mindre i dei enn i dei lengre kvinnenamna.

Det er viktig å understreke at det er liten forskjell i talet på mannsnamn og kvinnenamn når variantane er haldne utafor. I perioden 1900–2017 var det såleis omtrent like mange mannsnamn som kvinnenamn.

Tvikjønna namn

I eit kjønnsperspektiv er det interessant at det finst ei rekkje namn som er brukte på både kvinner og menn, såkalla tvikjønna namn. Om vi avgrensar oss til namn brukte på minst 10 personar i perioden 1900–2017, viser det seg at det til saman er 69 namnepar med tvikjønna namn, t.d. Benny brukt på både kvinne og mann.

Dette dreier seg hovudsakleg om innlånte namn, for det er få slike namnepar der begge namna har nordisk opphav, til dømes Inge og Tore. I austlandsk talemål vart den opphavlege endinga -a i dei norrøne kvinnenamna Inga og Þóra endra til -e i samsvar med jamvektsregelen. Dermed fekk desse kvinnenamna same form som mannsnamna Inge og Tore. Ein av dei få som har hatt kvinnenamnet Tore, er skodespelarinna Tore Dyveke Segelcke (1901–1979).

Tvikjønna namn har også oppstått ved kontakt med nabolanda. Såleis vart Janne eit tvikjønna namn etter at vi fekk mannsnamnet Janne frå Sverige. Der er Janne så å seie ukjent som kvinnenamn. Og Helle (dialektform av Helge i Noreg) vart eit tvikjønna namn da vi fekk kvinnenamnet Helle (relatert til Helga) frå Danmark. I Noreg er Kari eit vanleg kvinnenamn, men på grunn av innvandring frå Finland har vi fått mannsnamnet Kari (kortform av Oskari og Sakari), og dermed vart Kari eit tvikjønna namn.

Innlånte namn kan også ha komme meir langvegsfrå, som det lite brukte mannsnamnet Eli (frå hebraisk). Dette førte til at Eli vart eit tvikjønna namn. Ein del namn – særleg engelske namn – var etablerte som tvikjønna namn alt ved innlånstidspunktet, til dømes Chris, Conny, Ellis, Robin, Sonny og Tony.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Alhaug, Gulbrand 1985: Noko om tvikjønna namn i Noreg. I: Nyere nordisk personnavnskikk. Red. Tom Schmidt. NORNA-rapporter 35. Uppsala.
  • Alhaug, Gulbrand 2004: Fornamn i Noreg frå 1900 til 1975 – med vekt på endringar i namnemønsteret. Oslo.
  • Alhaug, Gulbrand 2015: Utanlandsk påverknad på fornamna i Noreg frå 1700-talet til 2007. I: Namn i det fleirspråklege Noreg. Red. Gulbrand Alhaug og Aud-Kirsti Pedersen. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg