Kåre er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Kári som eigentleg var eit tilnamn med tydinga ‘krøllhåra’.

Namnet har fleire variantar: Kåre, Kaare.

Namnedag er 22. september. Kyrre har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Kåre

Eit utval personar med namnet Kaare, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 7 352 menn i Noreg som hadde Kåre som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Kåre var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 9 gutar som fekk namnet Kåre.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Kaare og Kåre (lite brukt på 1800-talet) slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Tostava namn som endar på -e, er ein typisk nordisk namnetype, for av dei nærmare 50 mest vanlege namna av denne typen er det berre eitt utanlandsk, det tyske Heine. Mens dei fleste namna på -e hadde toppfasen sin innanfor perioden 1945–1979, var desse mest brukte tidleg på 1900-talet: Arne, Bjarne, Kåre/Kare, Magne, Sverre og Trygve.

Utvikling i bruk av namnet Kåre frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Kåre frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Kåre på 1800-talet.

Kaare var mest brukt i Kristiania, Hedmark og Sør-Trøndelag.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Kåre på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Kaare var mest brukt i Kristiania, Hedmark og Sør-Trøndelag. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også nokre få belegg på Kåre på 1800-talet.)

Historisk bruk av namnet Kåre
Historisk bruk av namnet Kåre
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg