Mellomnamn er eit namn av etternamnstype som står mellom etternamnet og eitt eller fleire førenamn, til dømes Ida Dahl Thomassen og Tor Erik Dahl Thomassen, der Dahl er mellomnamnet.

Ofte er det etternamnet til mora som er tatt i bruk som mellomnamn på barna. Og tilsvarande er det ofte kvinna som etter giftarmålet har valt å bruke det opphavlege etternamnet sitt (Dahl) som mellomnamn, til dømes Liv Dahl Thomassen. Også patronym (eit etternamn basert på førenamnet til faren) og metronym (eit etternamn basert på førenamnet til mora) kan fungere som mellomnamn på barna: Ida Bjørnsdatter Thomassen og Silje Livsdatter Thomassen. Førenamna til foreldra var altså Bjørn og Liv. Mens alle må ha eit førenamn og eit etternamn, er det ikkje nødvendig å ha eit mellomnamn.

Dersom det er fleire enn 200 personar som har same etternamn i Noreg (såkalla frie etternamn i motsetning til verna etternamn), er det tillate å ta i bruk eit slikt etternamn, til dømes ved namneendring. Og tilsvarande er det tillate å bruke eit fritt etternamn som mellomnamn. Det finst nokre sjeldne mellomnamn som ikkje er brukte som etternamn i Noreg, til dømes Espolin, Gams og Gjesling. Desse namna finst heller ikkje som førenamn.

Det kan skape forvirring at ordet mellomnamn i daglegtalen også er brukt om førenamn som kjem etter det fyrste førenamnet, til dømes Grete i Anne Grete. I offisiell samanheng er dette ikkje eit mellomnamn. Om ei kvinne har tre førenamn, Liv Ida Synnøve, skal Ida omtalast som det andre førenamnet, og Synnøve som det tredje førenamnet – altså ikkje som mellomnamn.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Gulbrand Alhaug 2014: Espolin – eit spesielt norsk mellomnamn med opphav i eit islandsk gardsnamn. Namn og Nemne 31.
  • Lov om personnavn. NOU 2001: 1. Elektronisk utgåve.
  • Ivar Utne 2011: Hva er et navn? Navnemoter. Valg av fornavn og etternavn. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg