Harald er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Har-aldr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘hær’ og etterleddet ‘herskar’. Etterleddet -ald går tilbake til eit opphavleg -vald.

Harald er eit gammalt germansk namn, og til Noreg har det truleg komme frå Danmark. Arild og Harild er nordiske former av dette namnet, mens Harold er engelsk form. Framandordet herold, som tyder ‘utropar’, ‘speaker’, inneheld dei same ledda som Harald.

Namnedag er 17. mai. Ragnhild har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Harald

Eit utval personar med namnet Harald, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 13 046 menn i Noreg som hadde Harald som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Harald var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 49 gutar som fekk namnet Harald.

Utvikling i bruk av namnet

Harald kan reknast blant dei namna som høyrer til den nordiske namnerenessansen i og med at det kan knytast til kong Harald Hårfagre i Snorres kongesoger. Namnet har også same kurveprofil som renessansenamna – med eit oppsving frå 1860-åra. Harald, som låg som nummer 10 på ranglista 1895–1899, var på topp i perioden 1905–1909 (nummer 7. på ranglista). Mens dei fleste andre renessansenamna gjekk tilbake utover på 1900-talet, fekk Harald eit kraftig løft frå 1937, og grunnen til dette var ein kongeleg fødsel (arveprins Harald, fødd 21.2.1937).

Utvikling i bruk av namnet Harald frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Harald frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Harald på 1800-talet.

Harald var mest brukt i Kristiania. Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Harald fyrst innpass i byen.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Harald på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Harald var mest brukt i Kristiania. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Haral.) Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Harald fyrst innpass i byen.

Historisk bruk av namnet Harald
Historisk bruk av namnet Harald
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Janzén, Assar 1947: De fornvästnordiska personnamnen. [Nordisk kultur 7].[/li][li]
  • Koht, Halvdan 1916: Skandinaviske motenavn i vikingtiden. Historisk tidsskrift
  • Peterson, Lena 1984: Harald och andre namn på -(v)ald. Studia anthroponymica Scandinavica 2.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg