Ola er eit mannsnamn som er yngre form av Olav. Frå cirka 1400-talet og inn på 1800-talet var Ola det vanlegaste namnet i Noreg, men i offisiell samanheng, til dømes i folketeljinga av 1801, vart den danske forma Ole oftast brukt. På 1800-talet vart skriftformene Ole, Olaf og Oluf uttaleformer i Noreg.
Ola
Kjende personar med namnet Ola
Eit utval personar med namnet Ola, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Ola Raknes (1887)
- Jon Ola Norbom (1923)
- Ola Kai Ledang (1940)
- Ola Steen (1942)
- Ola Bauer (1943)
- Ola Didrik Saugstad (1947)
- Ola Svein Stugu (1947)
- Ola Storeng (1950)
- Kjell Ola Dahl (1958)
- Ola Elvestuen (1967)
- Ola G. Furuseth (1975)
- Ola Kvernberg (1981)
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det omtrent 14800 menn (fødde i Noreg) som hadde Ola som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.