Annette er eit kvinnenamn som er fransk diminutiv («vesleform») av Anne.

Namnet har fleire variantar: Aneth, Anethe, Anett, Anette, Anneth, Annethe, Annett, Annette.

Namnedag er 9. desember. Anniken har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Annette

Eit utval personar med namnet Annette, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 414 kvinner i Noreg som hadde Annette som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Annette og Anette slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Dei franske kvinnenamna var mest populære innanfor tidsrommet 1975–2009, til dømes Charlotte, Henriette, Jeanette, Yvonne, Renate og Madeleine. Annette skil seg frå dette mønsteret ved at dette namnet var mest brukt på 1800-talet, med ein topp i 1860-åra. Varianten Anette var mest vanleg 1980–1984, og denne varianten ligg dermed innanfor topp-perioden for dei franske namna.

Utvikling i bruk av namnet Annette frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Annette frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Annette på 1800-talet.

Annette var mest brukt i Østfold.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Annette på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Annette var mest brukt i Østfold. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Annethe.)

Historisk bruk av namnet Annette
Historisk bruk av namnet Annette
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg