Johannes

Artikkelstart

Johannes er eit mannsnamn som via det greske I(h)oannes kjem av det hebraiske Jochanan som tyder ‘Gud er nådig’. Av dette namnet har det utvikla seg variantar i ulike språk, til dømes Jon, Jo, Johan, Hans, Jan, Jean, Sean, Ivan, Giovanni og Janos. Johannes (inklusive variantar) er det mest vanlege kristne namnet i Europa.

Namnet har fleire variantar: Johannes, Johans, Johanes.

Namnedag er 24. juni. Hans og Jon har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Johannes

Kulturell bruk

  • Johannes, hovudperson i «Victoria» (1898) av Knut Hamsun.
  • «Johannes» (1952) tredje band i romansyklusen «Nattens brød» (1940–1959) av Johan Falkberget.

Kjende personar med namnet Johannes

Eit utval personar med namnet Johannes, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 17300 menn (fødde i Noreg) som hadde Johannes som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg