Fabian er eit mannsnamn som går tilbake til det romerske slektsnamnet Fabius som kanskje er laga til ordet faba med tydinga ‘bønne’.

Namnedag er 20. januar. Bastian og Sebastian har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Fabian

Eit utval personar med namnet Fabian, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 317 menn i Noreg som hadde Fabian som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 23 gutar som fekk namnet Fabian.

Utvikling i bruk av namnet

I tillegg til dei bibelske namna er det stort sett berre namn av gresk og latinsk opphav som har tre stavingar, til dømes Fabian. Dette gjeld dessutan namn som Adrian, Julian, Kristoffer, Leander, Marius, Nikolai og Teodor. Til liks med mange bibelske namn var desse klassiske namna mest brukte rundt år 2000.

Utvikling i bruk av namnet Fabian frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Fabian frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg