Per er eit mannsnamn som via det norrøne Pétr kjem frå latin Petrus med opphav i det greske Petros som er ei omsetjing av det arameiske Kefa som tyder ‘stein, berg, klippe’.

Namnet har fleire variantar: Peer, Per.

Namnedag er 29. juni. Peter og Petter har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Per

Kulturell bruk

  • I Asbjørnsens og Moes eventyr er Per og Pål brør til Oskeladden.
  • Per Bufast i «Det store spelet» (1934) av Tarjei Vesaas.

Kjende personar med namnet Per

Eit utval personar med namnet Per, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 37 002 menn i Noreg som hadde Per som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Per var det tredje mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 26 gutar som fekk namnet Per.

Utvikling i bruk av namnet

Per – med utanlandsk opphav (Peter) – var på topp 1945–1949, og dette er midt inne i hovudperioden (1920–1979) for dei einstava nordiske namna, til dømes Bjørn, Dag, Finn, Geir, Jarl, Kjell, Leif/Leiv, Odd, Rolf/Rolv, Stein/Sten og Ulf.

Utvikling i bruk av namnet Per frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Per frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Per på 1800-talet.

Per var klart mest brukt i Finnmark. I folketeljingane kan skriftforma Peder vere brukt i staden for Per.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Per på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Per var klart mest brukt i Finnmark. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Peer.) I folketeljingane kan skriftforma Peder vere brukt i staden for Per.

Historisk bruk av namnet Per
Historisk bruk av namnet Per
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg