Nikolai

Artikkelstart

Nikolai er eit mannsnamn som kan forklarast som genitivsform, Nikolai, av det latinske Nikolaus – på same måte som Pauli er genitivsform av Paulus. Lenger bak kjem Nikolaus av det greske Niko-laos der forleddet tyder ‘siger’ og etterleddet ‘folk’.

Namnet har fleire variantar: Nickolay, Nicholai, Nikolai, Nicolai, Nicholay, Nikolaj, Nicolaj, Nickolai, Nikolay, Nicolay.

Namnedag er 6. desember. Niklas og Nils har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Nikolai

Eit utval personar med namnet Nikolai, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 4900 menn (fødde i Noreg) som hadde Nikolai som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Nikolai i perioden 1900–2017, var det 61 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Nikolai. Dette inneber at 39 prosent hadde Nikolai som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg