William er eit mannsnamn som er engelsk form av det tyske Wilhelm.

Namnet har fleire variantar: Viliam, Viljam, Villiam, Wiliam, William.

Namnedag er 28. mai. Vilhelm og Willy har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet William

Eit utval personar med namnet William, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 9 565 menn i Noreg som hadde William som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og William var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 348 gutar som fekk namnet William, og det var det femte mest populære gutenamnet dette året.

Utvikling i bruk av namnet

William er blant dei engelske namna som fekk toppfasen sin rundt år 2000. Andre døme er Robin, Kevin, Dennis, Liam og Oliver.

Utvikling i bruk av namnet William frå 1880
Utvikling i bruk av namnet William frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg