Ove er eit dansk mannsnamn som går tilbake til gammaldansk Aghi som er kortform av samansette namn på Ag- med tydinga ‘respekt’ (jamfør ordet age) eller ‘egg’ (på våpen).

Namnet har fleire variantar: Ove, Owe.

Namnedag er 30. oktober. Aksel har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Ove

Eit utval personar med namnet Ove, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 5 647 menn i Noreg som hadde Ove som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 4 gutar som fekk namnet Ove.

Utvikling i bruk av namnet

Tostava namn som endar på -e, er ein typisk nordisk namnetype, for av dei nærmare 50 mest vanlege namna av denne typen er det berre eitt utanlandsk, det tyske Heine. Dei fleste namna av denne typen hadde ein toppfase som låg innanfor perioden 1945–1979. I tillegg til Ove, som var på topp 1960–1964, gjeld dette til dømes Are, Arve, Atle/Asle, Bjarte, Børge, Frode, Gisle, Helge, Inge, Jarle, Rune, Ståle, Terje, Yngve og Åge.

Utvikling i bruk av namnet Ove frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Ove frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Ove på 1800-talet.

Ove var klart mest brukt i Trøndelag.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Ove på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Ove var klart mest brukt i Trøndelag. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Owe.)

Historisk bruk av namnet Ove
Historisk bruk av namnet Ove
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Brylla, Eva 2004: [Förnamn i Sverige]. Kortfattat namnlexikon]. Stockholm.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg