Sturla

Artikkelstart

Sturla er eit mannsnamn som har same form i dag som i norrønt. Namnet er laga til verbet sturla som tyder ‘å uroe’.

Sturla og Ola er blant dei svært få mannsnamna av nordisk opphav som endar på [a].

Namnet har fleire variantar: Sturle, Sturla.

Namnedag er 27. oktober. Sture har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Sturla

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var gardsarbeidar Sturla Dahlback fødd 1884 i Namdalseid (Nord-Trøndelag).

Kjende personar med namnet Sturla

Eit utval personar med namnet Sturla, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 770 menn (fødde i Noreg) som hadde Sturla som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Janzén, Assar 1947: De fornvästnordiska personnamnen. [Nordisk kultur 7].

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg