Oliver

Artikkelstart

Oliver er eit mannsnamn som kan vere laga på norsk grunn av dobbeltnamnet Ole Iver. Oliver kan også vere engelsk form av det franske Olivier med usikkert opphav. Det har rett nok vore foreslått at Oliver har opphav i det seinlatinske olivarius som tyder ‘oliventredyrkar’.

I Rolandskvadet er Oliver ein av dei som kjempar saman med Karl den store, men ettersom ingen av dei andre i kretsen rundt Karl den store hadde namn med latinsk bakgrunn, taler dette imot at det engelske Oliver går tilbake til seinlatin.

Namnet har fleire variantar: Oliver, Olliver.

Namnedag er 3. august. Oline og Olve har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Oliver

Kulturell bruk

Kjende personar med namnet Oliver

Eit utval personar med namnet Oliver, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 7600 menn (fødde i Noreg) som hadde Oliver som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Aasen, Ivar 1878: [Norsk Navnebog eller Samling af Mandsnavne og Kvindenavne]. Kristiania. Ny utgåve og register ved Kristoffer Kruken og Terje Aarset. Skrifter frå Ivar-Aasen-instituttet 3. Volda 1997.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg