Maria

Artikkelstart

Maria er eit kvinnenamn som er gresk-latinsk form av hebraisk Mirjam. Namnet har omdiskutert tyding. Den tradisjonelle forklaringa har vore at namnet tyder ‘fyldig; vakker’. Det er også vore foreslått at namnet går tilbake til eit ord som tyder ønske (på hebraisk) eller elske (på koptisk).

Namnet har fleire variantar: Marie, Marja, Maria.

Namnedag er 25. mars. Mari og Marie har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Maria

Kulturell bruk

  • Maria i musikalen «West Side Story» (1957) av Leonard Bernstein (film i 1961). Ein song i musikalen begynner med desse linjene som også kan sjåast på som ein hyllest til namnet Maria: «The most beautiful sound I ever heard / Maria, Maria, Maria, Maria».

Kjende personar med namnet Maria

Eit utval personar med namnet Maria, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 16200 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Maria som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer 2002: [Mirjam] – tjukk og fager, eller elska av Gud? I: Tove Bull, Endre Mørck og Toril Swan (red.): [Venneskrift til Gulbrand Alhaug]. Tromsø.[/li][li]
  • Stemshaug, Ola 2010: [Mari] og [Maja] i Noreg. [Studia anthroponymica Scandinavica 28].

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg