Terje

Artikkelstart

Terje er eit mannsnamn som er ei dialektform av Torgeir med opphav i det norrøne Þor-geirr der forleddet er gudenamnet Tor. Etterleddet tyder ‘spyd’.

Namnet har fleire variantar: Terje, Terjei.

Namnedag er 13. oktober. Tarjei og Torgeir har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Terje

Kulturell bruk

  • Diktet «Terje Vigen» (1862) av Henrik Ibsen. Diktet vart filmatisert i 1917.

Kjende personar med namnet Terje

Eit utval personar med namnet Terje, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 24400 menn (fødde i Noreg) som hadde Terje som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg