Tobias er eit gresk mannsnamn som går tilbake til hebraisk Tobija som tyder ‘Herren er god’.

Namnet har fleire variantar: Thobias, Tobias.

Namnedag er 20. september. Tage har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Tobias

Kulturell bruk

  • Tobias i tårnet i Thorbjørn Egners «Folk og røvere i Kardemomme by» (1955).

Kjende personar med namnet Tobias

Eit utval personar med namnet Tobias, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 10 263 menn i Noreg som hadde Tobias som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Tobias var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 270 gutar som fekk namnet Tobias, og det var blant dei 20 mest populære gutenamna dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Tobias er blant dei bibelske namna som var noko brukte tidleg på 1800-talet og som fekk eit nytt oppsving rundt år 2000. Andre døme på bibelske namn med liknande kurveprofil er Andreas, Daniel, Elias, Gabriel, Isak, Jakob, Johannes, Jonas og Samuel. Populariteten for slike bibelske namn kan sjåast i samanheng med det internasjonale oppsvinget for desse namna dei siste år, men også figuren Tobias i tårnet i Torbjørn Egners «Folk og røvere i Kardemomme by» (1955) kan ha medverka til populariteten. I 2003 låg Tobias som nummer 2 på ranglista for gutenamn.

Utvikling i bruk av namnet Tobias frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Tobias frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Tobias på 1800-talet.

Tobias var klart mest brukt i Vest-Agder.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Tobias på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Tobias var klart mest brukt i Vest-Agder. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Thobias.)

Historisk bruk av namnet Tobias
Historisk bruk av namnet Tobias
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg