Kent er eit mannsnamn som kan vere samantrekt form av Kennet eller gå tilbake til innbyggarnamnet kent (person frå grevskapet Kent i England).
Kent
Personar med namnet Kent
Fyrste namneberar
Den fyrste som vart registrert med namnet, var seglskipsførar Jørgen Kent Aasen fødd 1866 i Tvedestrand, busett i Arendal i 1900.
Kjende personar med namnet Kent
Eit utval personar med namnet Kent, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Kent Andersson (1933)
- Kent Nagano (1951)
- Kent Gudmundsen (1978)
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det omtrent 2800 menn (fødde i Noreg) som hadde Kent som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.