Stein, som er eit mannsnamn (av norrønt Steinn), er laga til ordet stein.

Namnet har fleire variantar: Steen, Stein, Sten.

Namnedag er 14. desember. Steinar har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Stein

Eit utval personar med namnet Stein, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 9 928 menn i Noreg som hadde Stein som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Stein var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske menn.

Utvikling i bruk av namnet

Stein var på topp 1955–1959 og Sten noko seinare, 1970–1974. Også mange andre einstava nordiske mannsnamn hadde toppfasen sin innanfor perioden 1920–1979, til dømes Bjørn, Dag, Finn, Geir, Jarl, Kjell, Leif/Leiv, Odd, Rolf/Rolv, Svein/Svenn og Ulf. Sidan år 1900 har Stein vore brukt 5,5 gongar meir enn Sten.

Utvikling i bruk av namnet Stein frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Stein frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg