Camilla

Artikkelstart

Camilla er eit kvinnenamn som går tilbake til det romerske slektsnamnet Camill-us/-a av etruskisk opphav. I latin tyder ordet camilla ‘jente som hjelper til ved ofringar’.

Namnet har fleire variantar: Kamilla, Camilla, Kamille, Kamila, Kamile, Camila.

Namnedag er 12. august. Klara har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Camilla

Fyrste namneberar

Dei fyrste som vart registrerte med namnet, var forfattarinna Camilla Collett (fødd Wergeland) og Camilla Marie Roosen (fødd Thrane), busett i Trondheim 1865. Dei var begge fødde i 1813. Camilla Collett hadde opphavleg dobbeltnamnet Jacobine Camilla.

Kulturell bruk

  • I Vergils «Aeneiden» (19 f.Kr.) er Camilla ein kvinneleg krigar som kjempar i hæren til Aeneas.

Kjende personar med namnet Camilla

Eit utval personar med namnet Camilla, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 13700 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Camilla som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg