Elisabet

Elisabet er eit kvinnenamn som er gresk form av det hebraiske Elisjeba som tyder ‘Gud er fullkommen’.

Av Elisabet er det utvikla mange kortformer i ulike språk, til dømes Lisbet, Elisa, Eliza, Else, Elsa, Lise, Bet og Bess.

Namnet har fleire variantar: Elsebeth, Elisebeth, Elisabet, Elizabeth, Elisabeth, Elsebet, Elisebet.

Namnedag er 19. november. Lisbet har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Elisabet

Eit utval personar med namnet Elisabet, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 1200 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Elisabet som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Elisabet i perioden 1900–2017, var det 65 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Elisabet. Dette inneber at 35 prosent hadde Elisabet som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg