Lars

Lars er eit mannsnamn som via det norske Lavrants går tilbake til latin Laurentius som tyder ‘mann frå byen Laurentum’ (Italia).

Laurentius har i folketradisjonen vorte omtolka til å ha samanheng med latin laurus som tyder ‘laurbær’ og ‘laurbærkrans’. Denne kransen vart sett på som eit sigerssymbol. I tidleg kristen tid var laurbærkransen også eit symbol på martyriet.

Namnedag er 10. august. Lasse og Lorents har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Lars

Eit utval personar med namnet Lars, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 41100 menn (fødde i Noreg) som hadde Lars som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg