Sjur er eit mannsnamn som kjem av Sigurd med opphav i det norrøne Sig-urðr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘siger’ og etterleddet ‘vaktar’. Sjur vart tatt i bruk på 1300-talet.

Namnet har fleire variantar: Sigur, Sigurd, Sjur, Sjurd.

Namnedag er 23. desember. Sigurd har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Sjur

Kulturell bruk

Kjende personar med namnet Sjur

Eit utval personar med namnet Sjur, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 340 menn i Noreg som hadde Sjur som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 17 gutar som fekk namnet Sjur.

Utvikling i bruk av namnet

Sjur er blant dei namna som på 1300-talet fekk ei endra form med utgangspunkt i eit norrønt namn (Sigurðr). Til liks med fleire namn av denne typen, til dømes Even og Iver, var Sjur mykje brukt tidleg på 1800-talet. Utover på 1800-talet fekk namnet ein jamn nedgang, og frå 1920-åra stabiliserte det seg på eit lågt nivå.

Utvikling i bruk av namnet Sjur frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Sjur frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Sjur på 1800-talet.

Sjur var klart mest brukt i Hordaland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Sjur på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Sjur var klart mest brukt i Hordaland. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Siur.)

Historisk bruk av namnet Sjur
Historisk bruk av namnet Sjur
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg