Silje Cilje er eit kvinnenamn som er kortform av Cecilie.

Namnet har fleire variantar: Cilje, Silja, Silje.

Namnedag er 22. november. Cecilie og Sissel har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Silje

Eit utval personar med namnet Silje, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 15 843 kvinner i Noreg som hadde Silje som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Silje var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 21 jenter som fekk namnet Silje.

Utvikling i bruk av namnet

Dei fleste tostava namna som endar på -e, var mest brukte i perioden 1955–1999. I tillegg til Silje, med topp 1985–1989, gjeld dette til dømes Bente, Hanne, Hege, Hilde, Lene, Lise, Marte, Mette, Rikke, Tine, Stine, Tone, Tonje, Tove, Trude, Vilde og Wencke.

Utvikling i bruk av namnet Silje frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Silje frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg