Unn

Unn er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Unnr. Namnet er truleg laga til verbet unna som tyder ‘elske’.

Namnedag er 28. desember. Une, Une og Unni har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Unn

Kulturell bruk

  • I norrøn mytologi er Unn ei av døtrene til havguden Æge.
  • Ungjenta Unn på Hamarrbø i «Det blåser fra Dauingfjell» (1934) av Trygve Gulbranssen.
  • Unn i «Is-slottet» (1963) av Tarjei Vesaas.

Kjende personar med namnet Unn

Eit utval personar med namnet Unn, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 1700 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Unn som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg