Carl er eit mannsnamn. Det er ein stavevariant av Karl som er eit gammalt fellesgermansk namn med tydinga ‘fri mann’. Opphavleg var Karl truleg eit tilnamn.

Namnet har fleire variantar: Carl, Karl.

Kjende personar med namnet Carl

Eit utval personar med namnet Carl, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 4 451 menn i Noreg som hadde Carl som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 25 gutar som fekk namnet Carl.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Karl og Carl slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Carl og Karl var mykje brukte i siste del av 1800-talet, og i perioden 1875–1899 låg desse namneformene (når dei er slått saman) på 3. plass på ranglista. Dei avvik frå dei fleste andre einstava namna ved at dei var på topp i siste halvdel av 1800-talet, mens hovudtyngda av dei einstava nordiske mannsnamna hadde toppfasen sin innanfor perioden 1920–1979, til dømes Bjørn, Dag, Finn, Geir, Jarl, Kjell, Odd, Rolf/Rolv, Stein/Sten, Svein/Svenn og Ulf. Éin grunn til dette avviket kan vere kongeleg påverknad på namngivinga : Kong Karl Johan var felles svensk-norsk konge 1818–1844.

Utvikling i bruk av namnet Carl frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Carl frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg