Nina

Artikkelstart

Nina er eit kvinnenamn som truleg har russisk bakgrunn, som kortform av Antonina eller som kjæleform av Anna.

Namnet har fleire variantar: Ninna, Nina, Nine.

Namnedag er 4. april. Nancy og Nanna har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Nina

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, kan ha vore Nina Karlsen fødd 1816 i Søndre Land (Oppland), busett i Kristiania i 1900. Ho var døypt Nicoline, og det er usikkert når Nina vart tatt i bruk på henne.

Kulturell bruk

  • Nina i «Måken» (1895) av Anton Tsjekhov
  • Nina Skåtøy i «Gymnaslærer Pedersens beretning om den store politiske vekkelsen som har hjemsøkt vårt land» (1982) av Dag Solstad, filmatisert 2006.
  • Songen «Svantes lykkelige dag» av Benny Andersen. I denne songen skriv han bl.a.: «Nina er gået i bad, jeg spiser ostemad».

Kjende personar med namnet Nina

Eit utval personar med namnet Nina, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 18000 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Nina som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg