Grete er eit kvinnenamn som er tysk kortform av Margarete.

Namnet har fleire variantar: Greta, Grete, Gretha, Grethe.

Namnedag er 13. mars. Greta har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Grete

Kulturell bruk

Kjende personar med namnet Grete

Eit utval personar med namnet Grete, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 8 368 kvinner i Noreg som hadde Grete som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Grete var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 4 jenter som fekk namnet Grete.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Grete og Grethe slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Med toppfase i 1940–19åra (Grethe) og 1945–1959 (Grete) er desse to namneformene på topp litt tidlegare enn hovudtyngda av tostava namn på -e med topp 1955–1999, til dømes Bente, Tove, Wencke, Mette og Hilde. Sidan år 1900 har Grete og Grethe til saman vore brukte omtrent 10 gongar så mykje som Greta.

Utvikling i bruk av namnet Grete frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Grete frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Grete på 1800-talet.

Grete var mest brukt i Østfold, Vest-Agder og Rogaland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Grete på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Grete var mest brukt i Østfold, Vest-Agder og Rogaland. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Grethe.)

Historisk bruk av namnet Grete
Historisk bruk av namnet Grete
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg