Samansette namn er namn som er sett saman av fleire ledd eller delar. Dei fleste samansette namn er toledda, det vil seie at dei har to delar. Dei to delane blir kalla forledd og etterledd. Nokre samansette namn har fleire ledd, og blir då kalla fleirledda namn.

Eksempel på toledda namn:

  • Åsgeir kjem av det norrøne Ásgeirr; forleddet Ás tyder ‘gud’ og etterleddet geirr tyder ‘spyd’.
  • Erik kjem av det norrøne Eiríkr; forleddet Ei tyder ‘aleine; eineståande’ og etterleddet ríkr tyder ‘mektig, herskar’.

Den mest utbreidde namnetypen i norrøn tid – både blant mannsnamna og kvinnenamna – var dei samansette namna; for eksempel Gunnhildr med Gunn- som forledd og -hildr som etterledd, og Dagfinnr med Dag- som forledd og -finnr som etterledd. Andre eksempel på slike kvinnenamn i norrønt er Dagrún, Jórunn og Vígdís, mannsnamn Arnfinnr, Jósteinn, Sigmundr og Eyvindr.

Eksempel på mykje brukte samansette namn:

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg