Gunn kan gå tilbake til det norrøne kvinnenamnet Gunnr som tyder ‘strid’. Gunn kan også vere kortform av namn på Gunn- og -gunn, til dømes Gunnhild og Hildegunn.
Gunn
Kjende personar med namnet Gunn
Eit utval personar med namnet Gunn, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Gunn Wållgren (1913)
- Gunn Olsen (1952)
- Gunn Wærsted (1955)
- Gunn Lisbeth Nyborg (1960)
- Gunn Karin Gjul (1967)
- Gunn-Rita Dahle Flesjå (1973)
- Gunn Jorid Roset (1974)
- Gunn og Raymond Myhrengen
Namnestatistikk
Utvikling i bruk av namnet
Dei fleste namna med berre éi staving er nordiske. I tillegg til Gunn – som låg på topp 1955–1959 – gjeld dette til dømes Aud, Bjørg, Gerd, Gro, Gry, Liv, Siv og Unn. Hovudtyngda av desse namna har ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1935–1974.
Les meir i Store norske leksikon
- kvinnenamn
- førenamn, mellomnamn, etternamn
- personnamn
- Om namneartiklane på snl.no
Litteratur
- Kristianen, Jan Erik og Jørgen Ouren 1998: [Fornavn i Norge. Navnemoter og motenavn]. Oslo.
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.