Matheo er eit mannsnamn. Det har ein stavemåte som kan sjaåst på som ei norsk blandingsform av det italienske Matteo, det spanske Mateo og det latinske Matheus.

Namnestatistikk

I 2022 var det 3 122 menn i Noreg som hadde Matheo som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 224 gutar som fekk namnet Matheo, og det var blant dei 20 mest populære gutenamna dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Matheo var fyrste gong brukt i perioden 1995–1999, og då var det seks gutar som fekk dette namnet i Noreg. I perioden 2000–20004 vart det ein kraftig auke – til heile 234 gutar med namnet Matheo.

Utvikling i bruk av namnet Matheo frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Matheo frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg