Kurt er eit mannsnamn som er nedertysk kortform av Konrad – jamfør gammalhøgtysk Kuon-rat. Forleddet tyder ‘dristig’ og etterleddet ‘råd, hjelp’.

Namnet har fleire variantar: Kurt, Kurth.

Namnedag er 26. november. Konrad har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Kurt

Eit utval personar med namnet Kurt, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 3 454 menn i Noreg som hadde Kurt som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Det einstava tyske Kurt hadde toppfasen sin i 1960-åra, og dette er innanfor den perioden då mange einstava nordiske namn hadde toppfasen sin (1920–1979), til dømes Bjørn, Dag, Finn, Geir og Kjell.

Utvikling i bruk av namnet Kurt frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Kurt frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg