Artikkelstart
Arvid er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Arn-vid. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘ørn’ og etterleddet ‘ved’ (substantivet).
Arvid er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Arn-vid. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘ørn’ og etterleddet ‘ved’ (substantivet).
Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var ein innvandrar frå Sverige: husmann Uno Arvid Davidson fødd 1846, busett i Saltdal i 1900.
Eit utval personar med namnet Arvid, og som er omtalt i Store norske leksikon:
I perioden 1900–2017 var det omtrent 11200 menn (fødde i Noreg) som hadde Arvid som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.