Emil

Emil er eit mannsnamn som kjem frå fransk Émile. Namnet har opphav i det romerske slektsnamnet Aemilius som går tilbake til latin aemulus med tydinga ‘ivrig’.

Namnedag er 23. januar. Emilie og Emma har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Emil

Kulturell bruk

  • Jean-Jacques Rousseaus roman «Emil» om barneoppseding (1762) gjorde namnet populært. Også andre bøker om barn har medverka til populariteten.
  • «Emil og detektivene» (1928) av Erich Kästner.
  • Astrid Lindgrens bøker om Emil i Lönneberga (1963–1970). Mens det utan tvil er «ugagnskråka» Emil som har gjort namnet populært dei siste tiåra (også via TV), har foreldre derimot vore lite interesserte i å ta i bruk Pippi, den opprørske jenta som bryt med vante kjønnsroller. Den manglande interessa for Pippi som jentenamn kan kanskje ha samanheng med den spesielle lydstrukturen i dette namnet.

Kjende personar med namnet Emil

Eit utval personar med namnet Emil, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 13300 menn (fødde i Noreg) som hadde Emil som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg