Einar

Artikkelstart

Einar er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Ein-arr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘aleine, eineståande’ og etterleddet ‘krigar’.

Einar er eit av dei få samansette nordiske namna som har meiningsfull tyding som heilskap: ‘eineståande, framifrå krigar’.

Namnet har fleire variantar: Ejnar, Ejner, Einar, Ener, Einer.

Namnedag er 26. september. Endre har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Einar

Kulturell bruk

  • Einar i «Brand» (1866) av Henrik Ibsen.
  • Namnet Einar vart kjent i Tyskland gjennom Marie Hamsuns barnebøker (1924–1957), bl.a. om Langerudbarna.

Kjende personar med namnet Einar

Eit utval personar med namnet Einar, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 27800 menn (fødde i Noreg) som hadde Einar som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Elmevik, Lennart 1982: Fisl. einherjar ‘krigare i Valhall’ och några andra fornord. sammansättningar med ein-. [Saga och Sed].[/li][li]
  • Janzén, Assar 1947: De fornvästnordiska personnamnen. [Nordisk kultur 7].

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg