Etternamn er det siste namnet i ei namnerekkje til ein person og kjem etter førenamnet og eit eventuelt mellomnamn, som i Emma Dahl Thomassen der Thomassen er etternamnet. Tidlegare vart etternamn ofte omtala som slektsnamn (ættenamn) eller familienamn.

Etter lov om personnamn frå 2003 må to etternamn bindast saman med bindestrek til eit såkalla dobbelt etternamn, som Dahl-Thomassen, for å få funksjon som etternamn. Mellomnamn høyrer til same namnetypen som etternamn, alle etternamn kan òg nyttast som mellomnamn, men mellomnamnet er likevel formelt ikkje ein del av etternamnet.

Stabile slektsnamn, nytta av alle i same slekt, vart først nytta frå 1600-talet av og utover i Noreg. Kring 1800 hadde berre ca. 2 prosent av folket lagt seg til skikken med faste etternamn. Ved inngangen til 1800-talet følgde dei fleste den eldgamle skikken med farsnamn (patronym). Dersom du eigde jord, vart gardsnamnet gjerne lagt til som ei adresse for å gjera identifikasjonen enklare.

På 1800-talet gjekk samfunnet gjennom store endringar med industrialisering, betre helsestell, utvida røysterett og utvandring til Amerika. Sidan samfunnsutviklinga kravde ei sikrare og enklare identifisering av borgarane, vedtok Stortinget i 1923 eit krav om at alle innbyggjarar i Noreg måtte ha eit fast slektsnamn eller etternamn, og avskaffa dermed det gamle systemet med farsnamn. Då vedtaket i Stortinget vart fatta, hadde likevel dei aller fleste gått over til same etternamn for alle i familien. 

Før slektsnamn kom i bruk, var førenamn det eigentlege namnet med eit farsnamn (også kalla patronym) som tillegg: Ragnhild EiriksdotterOlav Haraldsson. Desse tillegga vart nytta gjennom heile livet; Anne Pedersdotter var til dømes gift med Absalon Pederssøn Beyer, men ho er ikkje omtala med slektsnamnet Beyer.

I tillegg til patronymet kunne enkelte personar òg verta omtala med eit tilnamn: Ragnhild den mektige etter politisk status, og Olav den heilage etter religiøs status. 

I 1923 vedtok Stortinget ei lov om personnamn, med  krav om at alle innbyggjarar i Noreg måtte ha eit fast slektsnamn eller etternamn, og avskaffa dermed det gamle systemet med farsnamn. Då vedtaket i Stortinget vart fatta, hadde likevel dei aller fleste gått over til same etternamn for alle i familien. Etter at lova vart vedteken måtte såleis syskena Anne Pedersdatter og Ole Pedersen ta namnet Pedersen, og etterkomarane til Ole vart ikkje heitande Olsen etter tradisjonen, men Pedersen. Det danske etterleddet ‑sen for son/søn(n) hadde på den tida mist den opphavlege tydinga ‘son’ og nærast fått funksjon som eit slektsnamnledd eller suffiks. I dag har ca. 20 prosent av alle nordmenn eit sen-namn som etternamn. Dei vanlegaste etternamna i 2016 var Hansen, Johansen og Olsen.

Det store fleirtalet av nordmenn på 1800-talet levde av primærnæringane jordbruk, fiske og fangst. Dei som eigde jord eller var knytte til jordbruk på annan måte, følgde det gamle adresse- eller heimstadsystemet og tok gardsnamnet som etternamn.

Bonden Tormod Kittelsen på garden Helland tok ikkje farsnamnet Kittelsen som etternamn, men Helland. Det same gjorde alle småbøndene i grenda Helland, og husmennene valde anten Helland etter hovudgarden eller namnet på husmannsplassen, som BakkenBrendenKåsaSveen eller Trøen.

I dag har ca. 2/3 av alle nordmenn eit gardsnamn som etternamn – med BergHaugen og Hagen på topp. Under industrialiseringa med folkeflytting til byane på 1800-talet tok mange med seg gardsnamnet i ei eldre skriftform, medan dei attverande i bygdemiljøet ofte gjekk over til den offisielle skrivemåten av gardsnamnet. Slik oppstod ei mengd parallellformer av etternamn, som Lillehammer for Litlehamar, Qvam for Kvam, Straabø for StråpaWiig for Vik.

Skikken med slektsnamn kom til Noreg frå Danmark, som igjen følgde tysk namneskikk. I 1526 oppmoda kong Frederik I adelen om å ta i bruk slektsnamn, som dermed skulle følgja alle medlemmene av same slekta. Ofte var eldre tilnamn etter slektsvåpen opphavet til slektsnamn.

I Noreg kjenner vi mot slutten av mellomalderen døme på at individuelle tilnamn som BoltDarre og Mus, kan få funksjon som slektsnamn, men dei vert borte framover mot 1600. I tida etter 1500 dukkar dei første slektsnamna av tilnamn av dansk opphav opp, som Friis ‘person frå Friesland’ (Peder Claussøn Friis, f. 1545) og Beyer ‘person frå Bayern’ (Absalon Pederssøn Beyer, f. 1528).

Slektsnamn fekk frå 1600-talet av status blant nordmenn i øvre sosiale lag. Etter skikken i Danmark kunne namnet òg hentast frå gards- eller soknenamn: Ludvig Holberg (f. 1684) hadde etternamnet etter faren frå garden Holberg i Trøndelag; offisersslekta Synnestvedt bar namn etter Torbjørn O. Synnestvedt, fødd på garden Sygnestveit i Ulvik i 1688; lagmann Lauritz A. Undall (f. 1631) hadde namn etter bygda Audnedal i Vest-Agder.

Framover mot 1800-talet dominerte slektsnamn av dansk-tysk opphav blant embetsmenn, prestar, offiserar og innvandra handverkarar og kjøpmenn, særleg i Bergen. Den dominerande typen er yrkesnamn som Møller ‘møllar’, Schmidt ‘smed’, Schrøder ‘skreddar’, Schumacher ‘skomakar’; andre er innbyggjarnamn som FriisBeyerHolst ‘person frå Holstein’; tilnamn etter utsjånad Bruun ‘den brune’, Groth ‘den kraftige, store’, Schwartz ‘den mørke’; etter høgtider og årstider Juul, PaascheSommar; etter dyreriket DueFalchMuus.

I andre europeiske land er det vanleg med yrkesnamn, på topp i Tyskland ligg Müller ‘møllar’ og i Storbritannia Smith ‘smed’.

Også i Noreg arbeidde mange som smedar, snikkarar og møllarar, men yrkesnamn som SkredderSmed og Snekker slo aldri gjennom i norsk namnekultur, verken i bymiljø eller på landsbygda, trass i utbreidd munnleg bruk som tilnamn: Ola smed, Jens snikkarMøllar-Hans.

Den mest særprega gruppa i Noreg er etternamn av typen gardsnamn, som sjeldan har ein så dominerande posisjon i andre land. Den andre store gruppa er sen-namn, som syner ein fallande tendens, medan typen gardsnamn aukar. Hansen har gått tilbake frå 63823 i 1993 til 52 569 i 2016, og Johansen frå 57 412 til 49 786, på same tida som folketalet har auka med ca. 25 prosent. Dei meir anonyme sen-namna taper terreng for dei meir populære gardsnamna som signaliserer både slektstilknyting og geografisk opphav. Når ektefolk eller sambuarar vel felles etternamn, vert sen-namn i mange tilfelle valde bort. Etternamn bakover i slekta kan fritt veljast til og med tippoldeforeldre. Ein kan òg fritt velja blant etternamn med over 200 berarar, Helgheim med 289 berarar i 2016 kan altså veljast, men ikkje Helgevold med 191.

5­­­–10 prosent av barn får i dag dobbelt etternamn, til dømes Dahl-Thomassen, og rundt halvparten får mellomnamn, til dømes. Dahl i Dahl Thomassen. Slike val gjer mange foreldre for at barna skal føra vidare begge etternamna, med unnatak for frekvente patronym som ofte vert valde vekk.

Dei siste åra har vi sett ein aukande tendens til bruken av farsnamn som mellomnamn, som Kari Magnusdotter Haug, Kristian Magnusson Haug, i sjeldnare tilfelle òg morsnamn, som Tor Beritson Eide og Ingrid Beritdotter Eide.

Medan talet på etternamn i 1993 var noko over 100 000, hadde det i 2016 stige til ca. 175 000 (ikkje irekna namn med éin berar). Ein stor del av denne auken på relativt kort tid kjem av innvandring. Det vietnamesiske Nguyen ligg på 49. plass i statistikken for 2016 og det muslimske Ali på 56. plass. Innvandring frå Aust-Europa kan illustrerast med det polske yrkesnamnet Kowalczyk med snautt 300 berarar, avleidd eit ord for grovsmed.

Dei skandinaviske landa står ein annan svært nært kulturelt og med unntak for Island også språkleg. Likevel har dei fire landa utvikla namnetilfanget i ulike retningar:

  • I Noreg ligg kategorien gardsnamn på topp.
  • Island har valt å halda oppe det gamle patronymsystemet med ekte patronym, det vil seie at dei fleste islendingane ikkje har faste etternamn.
  • I Sverige dominerer ei gruppe etternamn kalla kunstnamn eller laga etternamn med to ledd henta frå naturen og planteriket, som Lindberg, Lundgren og Bergstrøm.
  • Danmark er landet med størst utbreiing av patronym, dei fem vanlegaste patronyma med Hansen på topp er delte av én million danskar.  
  • Lov om personnavn. NOU 2001: 1. Elektronisk utgåve
  • Utne, Ivar (2011), Hva er et navn? Tradisjoner. Navnemoter. Valg av fornavn og etternavn. Pax Forlag
  • Veka, Olav (2016, 2. utg.), Norsk etternamnleksikon, Det Norske Samlaget

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.