Personnamn eller fullt namn er namna ein person er kjend eller registrert under. I dei fleste kulturar er dette det same som fødenamnet eller det juridiske namnet. I vestleg kultur har så å seie alle personar minst to namn, førenamn og etternamn, ein del også mellomnamn. Studiet av namn heiter antroponomi, som er ei grein av onomastikken (namnelæra). 

I alle kulturar vi kjenner til, har menneska hatt namn, personnamn. Etter kvart som det voks fram bysamfunn, vart det nødvendig å ha fleire namn, fornamn og etternamn, for å skilje mellom enkeltindivid, og termen personnamn er oftast brukt som eit overomgrep som omfattar både fornamn og etternamn, og dessutan mellomnamn for dei som har denne namnetypen, til dømes Dahl i Emma Dahl Thomassen.

Termen personnamn kan også bli brukt i meir avgrensa tyding, berre  om fornamn. Uoffisielle fornamn blir ofte kalla tilnamn eller kallenamn, til dømes Krølle om gut med krøllete hår. Her kan vi skilje mellom to undergrupper: kjælenamn (med positive assosiasjonar, til dømes Gullet) og utnamn (med negative assosiasjonar, til dømes Tjukken).

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.