Mest brukte namn blant norske kvinner i 2022
Mest brukte namn blant norske kvinner i 2022
Lisens: CC BY NC SA 3.0
Vanlegaste namn blant jenter fødd 2012–2022
Vanlegaste namn blant jenter fødd 2012–2022
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Kvinnenamn er førenamn som blir brukte av jenter og kvinner. I norske namn er det særleg lydlege trekk som skil kvinnenamna frå mannsnamna.

Dei mest brukte kvinnenamna i Noreg er Anne, Inger, Kari, Marit, Ingrid, Liv, Eva, Maria og Ida. I perioden 2012–2022 var Emma, Nora, Ella, Olivia og Sofie dei mest populære namna å gje til nyfødde jenter.

Lydlege trekk

Namn som endar på -a

Forskjellen mellom kvinnenamn og mannsnamn viser seg særleg i lydlege trekk. Blant dei 3000 mest brukte kvinnenamna i perioden 1900–2017 er det såleis 32 prosent (nesten 1000 namn) som endar på -a. Dei mest vanlege av desse namna er Anna, Eva, Ida, Nina og Maria.

Endinga -a er eit sikkert kjennemerke på eit kvinnenamn, for blant mannsnamna er det forsvinnande få med denne endinga, og det er berre Ola, Sturla og det bibelske Noa(h) som er brukte på fleire enn 500 menn.

Utvalet av namn her – og lenger ned – er basert på frekvensar for namnet brukt som det einaste namnet, til dømes Eva, eller som det fyrste av fleire – Eva Synnøve. Derimot er det ikkje tatt omsyn til frekvensar for namn i andre posisjon, til dømes Synnøve som det andre namnet i dobbeltnamnet Eva Synnøve.

Tre eller fire stavingar, lange namn

Eit lydleg trekk som skil klart mellom kvinnenamn og mannsnamn, er at kvinnenamna er lengre: Dei har gjennomgåande fleire stavingar enn mannsnamna. Om vi avgrensar oss til namn med minst 1000 namneberarar for kvart kjønn, viser det seg at kvinnenamna dominerer med 28 prosent mot 8 prosent for mannsnamna.

Døme på kvinnenamn med tre eller fire stavingar er Andrea, Anita, An(n)ette, Charlotte, Eline, Elisabet(h), Elise, Helene, Henriette, Irene, Johanne, Camilla (inklusive Kamilla), Katrine (med variantar), Lillian, Marianne, Mat(h)ilde, Meret(h)e, Monika (inklusive Monica), Synnøve og T(h)erese. Desse namna har utanlandsk opphav, og berre unntaksvis finst det nordiske namn med tre stavingar, til dømes Alvilde og Ingeborg.

Det er elles eit interessant trekk ved mannsnamna at fleire av dei lange namna har vore populære i samband med den såkalla bibelbølgja rundt år 2000, til dømes Andreas, Benjamin, Daniel, Elias, Joakim, Mathias og Tobias. Utan dei bibelske namna ville det ha vore klart færre menn med namn som inneheld minst tre stavingar.

Éi staving, korte namn

Mens det er atskilleg fleire kvinnenamn enn mannsnamn med tre eller fire stavingar, er det klar dominans for mannsnamn i den motsette kategorien, dei stuttaste namna – 19 prosent mot 4 prosent for kvinnenamna.

Dette er namn med berre éi staving. Oftast har desse namna nordisk opphav, og blant kvinnenamna gjeld dette til dømes Aud, Bjørg, Gerd, Gunn, Siv og Unn. Det mest vanlege blant dei innlånte namna er Rut(h).

To stavingar, mellomlange namn

I mellomsjiktet mellom einstava namn og namn med minst tre stavingar kjem namna som har to stavingar. I denne kategorien er det liten forskjell mellom kvinnenamna og mannsnamna; det er litt fleire mannsnamn enn kvinnenamn.

Mens det er nokså lik kjønnsfordeling i underkategorien samansette namn (Asbjørn og Aslaug), er det nokre forskjellar i underkategorien tostava namn som endar på -e. Mange av kvinnenamna av denne typen kan karakteriserast som kortformer, til dømes Else (av Elisabet), Grete (av Margrete), Hanne (av Johanne), Lene (av Helene og Magdalene), Lise (av Elisabet), Rikke (av Henrikke), Silje (av Cecilie), Synne (av Synnøve) og Vilde (av Alvilde). Kortformer på -e av mannsnamn førekjem sjeldan.

På den andre sida er dei aller fleste tostava mannsnamna på -e nordiske namn, til dømes Arve, Asle, Bjarte, Børge, Frode, Gisle, Helge, Inge, Jarle, Ole, Ove, Rune, Ståle, Terje, Yngve og Åge.

Kvinnenamn på -ine – ein sterk namnemote på 1800-talet

På 1700-talet byrja ein ny namnemote å gjere seg gjeldande i Noreg – kvinnenamn på -ine, til dømes Jensine og Hansine. Denne namneskikken vart formidla via Danmark frå Tyskland.

I Noreg vart slike namn – som i Danmark – fyrst og fremst brukte ved oppkalling av mannlege slektningar – Albertine etter Albert og Oline etter Ole. Oppkallingsnamn av denne typen (på tvers av kjønnsskiljet) blir gjerne kalla moveringar, ein term som fyrst var brukt i ordlaginga, til dømes pianistinne av pianist.

Tidleg på 1800-talet var det 2 prosent av kvinnene som hadde eit namn på -ine, og deretter hadde denne moten framgang til toppen vart nådd 1860–1864 med 8 prosent. I denne perioden låg Oline på 8. plass på ranglista for kvinnenamna. Deretter gjekk kurva for -ine-namna nedover – til litt under 3 prosent i siste femårsperiode på 1800-talet (1895–1899). Det var store geografiske forskjellar for denne namnetypen i Noreg, og i Nord-Noreg var desse namna nokså vanlege (13 prosent da dei låg på topp). Og enda meir brukte var desse namna i andre posisjon, til dømes Anne Jensine, der dei høvde godt av rytmeomsyn. Den motsette rekkjefølgja, Jensine Anne, førekom svært sjeldan. I Nord-Noreg var det så mange som 29 prosent av kvinnene som hadde eit -ine-namn som det andre fornamnet i tidsrommet 1865–1899.

Kvinnenavn på -ine, bruk på 1800-talet

I Noreg nådde moten med å lage kvinnenamn frå mannsnamn med -ine eit høgdepunkt i perioden 1860–1864. Også namn med den mindre brukte varianten -ina (som i Hansina) inngår i dei frekvensane som diagrammet er basert på. Namn som Katrine og Regine er haldne utafor, for dei er ikkje avleidde av mannsnamn.

Kvinnenavn på -ine, bruk på 1800-talet
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Andre oppkallingsmåtar på tvers av kjønn

Å kalle opp jenter etter mannlege slektningar var særleg vanleg på 1800-talet. I tillegg til -ine vart også nokre andre suffiks brukte til å lage kvinnenamn til mannsnamn, og det vart laga namn som Gustava og Jonette av Gustav og Jon. Derimot hendte sjeldan det motsette – at gutar vart oppkalla etter kvinnelege slektningar, til dømes Cathrinus etter Cathrine. Ein mann fekk altså mykje oftare den æra å bli oppkalla over kjønnsgrensa enn ei kvinne gjorde.

Nokre namn på -ine er vanlege også i dag, til dømes Oline og Josefine, men her treng ikkje Oline tolkast som oppkalling etter Ole. Om det ligg føre oppkalling her, kan det like gjerne vere oppkalling etter ei Oline tidlegare i slekta. Oline kan også vere kortform av Karoline.

Samansette namn

Den mest utbreidde namnetypen i norrøn tid – både blant kvinnenamna og mannsnamna – var dei samansette namna, til dømes Gunnhildr med Gunn- som forledd og -hildr som etterledd. Andre døme på slike kvinnenamn i norrønt er Dagrún, Jórunn og Vígdís.

Også i vår tid har denne namnetypen vore populær, og desse kvinnenamna var mest brukte i mellomkrigstida. Dei samansette mannsnamna fekk eit oppsving omtrent samtidig med kvinnenamna (i 1920-åra), men dei var populære over eit lengre tidsrom – heilt inn i 1970-åra. Elles var det omtrent like mange samansette kvinnenamn som mannsnamn.

Døme på mykje brukte samansette kvinnenamn er Aslaug, Astrid, Borghild, Dagny, Gudrun, Gun(n)hild, Gun(n)vor, Hjørdis, Ingebjørg, Ingeborg, Ingrid, Ingunn, Ingvild, Jorunn, Ragnhild, Reidun, Sigrid, Solveig, Torhild og Vigdis.

Fleire kvinnenamn enn mannsnamn når variantane er medrekna

Om vi legg til grunn namn (inklusive variantar) som har vore brukte på minst 10 personar i perioden 1900–2017, viser det seg at det er atskilleg fleire kvinnenamn (omtrent 3000) enn mannsnamn (omtrent 2600).

Ei viktig forklaring til at det er fleire kvinnenamn enn mannsnamn, er at kvinnenamna (som nemnt under overskrifta «»Lydlege trekk») er lengre, og dess lengre namna er, dess større rom gir dette for namnevariasjon.

Dette ser vi tydeleg ved namnet Vibeke som har desse åtte variantane: Vibece, Vibeche, Vibecke, Vibekke, Wibeche, Wibecke, Wibeke, Wibekke. Her er det blant anna bruken av dei framande bokstavane W og C som har medverka til den store variasjonen. Variasjon med w og c har vi også i mannsnamna, men i og med at dei gjennomgåande er kortare, til dømes Karl og Carl, er potensialet for variantar mindre i dei enn i dei lengre kvinnenamna.

Det er viktig å understreke at det er liten forskjell i talet på mannsnamn og kvinnenamn når variantane er haldne utafor. I perioden 1900–2017 var det såleis omtrent like mange mannsnamn som kvinnenamn.

På 1800-talet derimot var det fleire kvinnenamn enn mannsnamn (også når vi ser bort frå namnevariantar), og da hadde dette særleg samanheng med at det til eitt og same mannsnamn, til dømes Jakob, kunne lagast ei rekkje avleidde kvinnenamn. Døme på dette er Jakobine, Jakobina, Jakoba, Jakobea og Jakobia.

Kvinnenamna meir moteprega enn mannsnamna

Endringane for kvinnenamna har skjedd raskare enn for mannsnamna. Det har altså vore større endringstakt – større motepreg – for kvinnenamna, og på den andre sida har det vore større kontinuitet for mannsnamna.

Dette kjem blant anna fram ved samanlikning av namnetilfanget i 25-årsperiodar på 1900-talet. Det viser seg blant anna at det er heile 45 kvinnenamn – mot berre fire mannsnamn – som hadde markant nedgang frå perioden 1900–1924 til perioden etterpå (1925–1949).

Døme på slike kvinnenamn er Augusta, Bert(h)a, Bertine, Borghild, Gustava, Karoline, Kaspara, Leonora, Magdalene, Olava, Olga, Ragna og T(h)eodora. Under overskrifta «Samansette kvinnenamn» ovafor er det dessutan nemnt at dei samansette kvinnenamna gjekk tilbake tidlegare enn mannsnamna.

Franske kvinnenamn

Frankrike – og særleg Paris – er kjent som eit senter for motar, særleg klesmotar, og tradisjonelt er det særleg kvinner som har følgt med i motesvingingane. På denne bakgrunnen er det ikkje overraskande at det er fleire franske kvinnenamn enn mannsnamn. Om vi avgrensar oss til namn brukte på minst 1000 personar, er det omtrent tre gongar så mange franske kvinnenamn som mannsnamn.

Døme på slike kvinnenamn er Annette, Celine, Charlotte, Henriette, Jeanette, Louise, Madeleine, Margot, Mariell(e), Marion og Yvonne. Hovudtyngda av dei franske kvinnenamna var på topp frå 1970-åra til 2010.

Det klart vanlegaste franske mannsnamnet er André når også namnet i andre posisjon er medrekna, til dømes Kim André. Deretter kjem Emil, Leon og Remi.

Tyding i kvinnenamn

Til liks med dei norrøne mannsnamna kunne også dei norrøne kvinnenamna tyde ’strid’, ’kamp’ og liknande. Kvinnenamna Gunnr (i dag Gunn) og Hildr (i dag Hild) tyder såleis ’strid’, og begge desse ledda inngår i det samansette namnet Gunnhild. Tydinga ’kamp’ har vi i forledda til namna Vigdis og Leikny, og tydinga ’hær’ ligg føre i namn som Herbjørg, Herdis og Hergunn. Det siste namnet, Hergunn, er – til liks med Gunnhild – klart stridsprega i og med at forleddet tyder ’hær’ og etterleddet ’strid’.

Mens tydingar som ’strid’ og ’kamp’ i norrønt gjeld namn på begge kjønn (og særleg menn), er tydinga ’vakker’ avgrensa til kvinnenamn. Denne tydinga finn vi i mange namn som endar på -frid, til dømes Gunnfrid, Hallfrid, Jofrid, Kjellfrid, Målfrid, Oddfrid og Snøfrid. På grunn av lydutviklinga har det opphavlege -frid vorte endra til -rid i nokre namn, blant anna i dei vanlege namna Astrid og Ingrid. I norrønt fanst Frí∂r også som eige namn – jamfør Frid i dag. Elles har vi tydinga ’vakker’ i forleddet i det nylaga namnet Venhild.

Namn med bakgrunn i blomar

Det er ikkje uventa at namn som viser til blomar, er kvinnenamn. Dei aller fleste av desse er innlånte, til dømes Anemone, Daisy, Fleur, Flora, Florence, Heather (røsslyng), Iris, Ivy (eføy), Jasmin, Lilje, Lilly, Marguerite, Myrt, Rose og Violetta. Nordisk opphav har til dømes det sjeldne Symra. Elles går blomenamna Linnea og Dahlia, som har vorte kvinnenamn, tilbake til dei svenske naturforskarane Carl von Linné og Anders Dahl (1751–1789).

Mannsnamnet Oleander kunne tolkast som eit unntak frå denne buketten av kvinnenamn, men det er ikkje prydbusken oleander som ligg til grunn for dette namnet. I staden er det meir rimeleg å tolke Oleander som ei avleiing av Ole – jamfør -ander i til dømes mannsnamna Norander og Krisander.

Elles kan det leggjast til at nokre kvinnenamn har bakgrunn i edelsteinar, til dømes Safira (safir), Amber (rav), Ruby (rubin) og Beryl (smaragd).

Tvikjønna namn

I eit kjønnsperspektiv er det interessant at det finst ei rekkje namn som er brukte på både kvinner og menn, såkalla tvikjønna namn. Om vi avgrensar oss til namn brukte på minst 10 personar i perioden 1900–2017, viser det seg at det til saman er 69 namnepar med tvikjønna namn, til dømes. Benny brukt på både kvinne og mann.

Dette dreier seg hovudsakleg om innlånte namn, for det er få slike namnepar der begge namna har nordisk opphav, til dømes Inge og Tore. I austlandsk talemål vart den opphavlege endinga -a i dei norrøne kvinnenamna Inga og Þóra endra til -e i samsvar med jamvektsregelen. Dermed fekk desse kvinnenamna same form som mannsnamna Inge og Tore. Ei av dei få som har hatt kvinnenamnet Tore, er skodespelarinna Tore Dyveke Segelcke (1901–1979).

Tvikjønna namn har også oppstått ved kontakt med nabolanda. Såleis vart Janne eit tvikjønna namn etter at vi fekk mannsnamnet Janne frå Sverige. Der er Janne så å seie ukjent som kvinnenamn. Og Helle (dialektform av Helge i Noreg) vart eit tvikjønna namn da vi fekk kvinnenamnet Helle (relatert til Helga) frå Danmark. I Noreg er Kari eit vanleg kvinnenamn, men på grunn av innvandring frå Finland har vi fått mannsnamnet Kari (kortform av Oskari og Sakari), og dermed vart Kari eit tvikjønna namn.

Innlånte namn kan også ha komme meir langvegsfrå, som det lite brukte mannsnamnet Eli (frå hebraisk). Dette førte til at Eli vart eit tvikjønna namn. Ein del namn – særleg engelske namn – var etablerte som tvikjønna namn alt ved innlånstidspunktet, til dømes Chris, Conny, Ellis, Robin, Sonny og Tony.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Alhaug, Gulbrand 1985: Noko om tvikjønna namn i Noreg. I: Nyere nordisk personnavnskikk. Red. Tom Schmidt. NORNA-rapporter 35. Uppsala.
  • Alhaug, Gulbrand 1990: Women´s Names in -ine – A Great Name Fashion in the 19th Century. I: Proceedings of the XVIIth International Congress of Onomastic Sciences. Red. Eeva Maria Närhi. Vol. 1. Helsinki.
  • Alhaug, Gulbrand 2004: Fornamn i Noreg frå 1900 til 1975 – med vekt på endringar i namnemønsteret. Oslo.
  • Heinesen, Line Lysaker 2013: Blomsternavn som personnavn. I: Målblomar til Margit. Veneskrift til Margit Harsson på 70-årsdagen den 9. juni 2013. Red. Tom Schmidt. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg