Jarle er eit mannsnamn som er ei e-utviding av Jarl som kjem av ordet jarl med tydinga ‘høvding; fri, fornem mann’.

Namnedag er 24. januar. Jarl og Joar har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Jarle

Eit utval personar med namnet Jarle, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 6 184 menn i Noreg som hadde Jarle som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 7 gutar som fekk namnet Jarle.

Utvikling i bruk av namnet

Tostava namn som endar på -e, er ein typisk nordisk namnetype, for av dei nærmare 50 mest vanlege namna av denne typen er det berre eitt utanlandsk, det tyske Heine. Dei fleste namna av denne typen hadde ein toppfase som låg innanfor perioden 1945–1979. I tillegg til Jarle, som var på topp 1965–1969, gjeld dette til dømes Are, Arve, Atle/Asle, Bjarte, Børge, Frode, Gisle, Helge, Inge, Ove, Rune, Ståle, Terje, Yngve og Åge.

Utvikling i bruk av namnet Jarle frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Jarle frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg