Magdalene er eit kvinnenamn som går tilbake til det andre førenamnet på Maria Magdalene. Ho kom frå staden Magdala ved Genesaretsjøen, og det greske [he Magdalene] tyder ‘kvinne frå Magdala’. Ved dobbeltnamnet Maria Magdalena kan ho skiljast frå andre kvinner som heiter Maria i Det nye testamentet.

Namnet har fleire variantar: Magdalen, Magdalena, Magdalene.

Kjende personar med namnet Magdalene

Eit utval personar med namnet Magdalene, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 260 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Magdalene som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Magdalene i perioden 1900–2017, var det 75 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Magdalene. Dette inneber at 25 prosent hadde Magdalene som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Magdalene på 1800-talet.

Magdalene var klart mest brukt i Bergen.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Magdalene på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Magdalene var klart mest brukt i Bergen.

Historisk bruk av namnet Magdalene
Historisk bruk av namnet Magdalene
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg