Elise er eit kvinnenamn som er kortform av Elisabet.

Namnet har fleire variantar: Elice, Elisa, Elise, Eliza.

Namnedag er 17. april. Elsa og Else har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Elise

Kulturell bruk

Kjende personar med namnet Elise

Eit utval personar med namnet Elise, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 7 599 kvinner i Noreg som hadde Elise som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Elise var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 110 jenter som fekk namnet Elise.

Av dei som heitte Elise i perioden 1900–2017, var det 67 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Elise. Dette inneber at 33 prosent hadde Elise som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Dei fleste namna med minst tre stavingar har utanlandsk opphav. I motsetning til namna på -a var namna på -e ein del brukte på 1800-talet, og mange av dei hadde ein topp innanfor perioden 1830–1870, til dømes Beate, Birgitte og Susanne. Dette gjeld også Elise. Desse namna fekk så ein ny topp rundt år 2000. Elise fekk det 1995–2004.

Utvikling i bruk av namnet Elise frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Elise frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Elise på 1800-talet.

Elise var mest brukt i Vestfold.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Elise på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Elise var mest brukt i Vestfold.

Historisk bruk av namnet Elise
Historisk bruk av namnet Elise
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg