Bård

Artikkelstart

Bård er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Bárðr av eldre Bá-røðr. Forleddet kjem av Bǫð- som tyder ‘strid’. Etterleddet -røðr (opphavleg -frøðr) tyder ‘fred’.

Her er det stikk motsett tyding i forleddet og etterleddet. Men alt i norrøn tid var namnet Bárðr ugjennomsiktig, og forfedrane våre kunne dermed ikkje utan vidare sjå at dette opphavleg var eit toledda namn.

Namnet har fleire variantar: Bård, Baard.

Namnedag er 2. desember. Borghild og Borgny har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Bård

Kulturell bruk

Kjende personar med namnet Bård

Eit utval personar med namnet Bård, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 4400 menn (fødde i Noreg) som hadde Bård som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg