Gisle kjem av det norrøne mannsnamnet Gísli som er kortform av namn på -gisl/-gils, til dømes Torgils. Bakgrunnen til namnet er noko usikker. Gisle kan vere det same som forleddet Gisel- i det tyske Gisel-bert der Gisel tyder ‘spire, skott (på tre)’. Andre namn med denne tydinga er Chloe, Ritva og Vesa. Gisl- kan også gå tilbake til ei våpennemning (pil).

Namnet har fleire variantar: Gisle, Gitle.

Namnedag er 13. januar. Gislaug har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Gisle

Kulturell bruk

  • «Gisle Surssons saga» (1200-talet).

Kjende personar med namnet Gisle

Eit utval personar med namnet Gisle, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 173 menn i Noreg som hadde Gisle som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Tostava namn som endar på -e, er ein typisk nordisk namnetype, for av dei nærmare 50 mest vanlege namna av denne typen er det berre eitt utanlandsk, det tyske Heine. Dei fleste namna av denne typen hadde ein toppfase som låg innanfor perioden 1945–1979. I tillegg til Gisle, som var på topp 1970–1974, gjeld dette til dømes Are, Arve, Atle/Asle, Bjarte, Børge, Frode, Helge, Inge, Jarle, Ove, Rune, Ståle, Terje, Yngve og Åge.

Utvikling i bruk av namnet Gisle frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Gisle frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Gisle på 1800-talet.

Gisle var klart mest brukt i Buskerud, Telemark og Aust-Agder.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Gisle på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Gisle var klart mest brukt i Buskerud, Telemark og Aust-Agder.

Historisk bruk av namnet Gisle
Historisk bruk av namnet Gisle
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Otterbjörk, Roland 1979: [Svenska förnamn]. Kortfattat namnlexikon. Skrifter utgivna av Svenska språknämnden. Tredje upplagan. Stockholm.[/li][li]
  • Seibicke, Wilfried: [Historisches Deutsches Vornamenbuch. 1–4]. Walter de Gruyter–Berlin–New York.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg